Tilde (13): – Vondt at nokon skammar seg over tvangstankar
Den nye NRK Super-serien Nødt eller Sannhet set fokus på tvangstankar. Skodespelarane håpar serien skapar meir forståing, slik at unge slepp streve med tvangstankar åleine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka er basert på tre intervju hjå Framtida Junior! Der kan du òg lese om korleis hundar har lært å lukte koronaviruset og om Geir Egil som har skrive barnebok om å vere homofil.
– Eg håpar serien gjer at barn og unge opnar seg opp om korleis dei har det, og at dei får vite at det finst hjelp å få, seier Tilde Ender Søvik (13).
Ho spelar hovudrolla Sanne i NRK Super-serien Nødt eller Sannhet, som handlar om forelsking og venskap, men òg tvangstankar.
Sanne slit med tvangstankar – men det er det berre bestevenninna Tara som veit om.
Tilde Ender Søvik synest det er vondt å tenkje på at mange har det slik som karakteren ho spelar på TV.
– Ingen skal måtte ha det slik, og det er vondt at nokon skammar seg over tvangstankar.
- Visste du at skeive scorar dårlegare på livskvalitet? – Det er framleis mykje fordommar mot skeive og mange opplever mykje hets og mobbing
Vanskeleg å verte kvitt tvangstankane
Ifølgje Norsk Helseinformatikk råkar tvangslidingar (OCD) kring 2-3 prosent av befolkninga, og sjukdomen syner seg gjerne når ein er 8-10 år gammal eller i tidleg vaksen alder.
Tvangstankar er uønskte, påtrengande tankar, kjensler eller idéar. Dei opplevast vanlegvis som vonde, motbydelege, skremmande og/eller truande. Tankane berre dukkar opp i medvitet, og det er vanskeleg å bli kvitt dei utan å få hjelp.
Karakteren Sanne strevar med nettopp dette. Tankane seier at ho må dunke med fingrane på ting tre gongar. Ho tenkjer at det kjem til å skje noko gale dersom ho ikkje gjer det på rett måte.
Sanne er livredd for å bli ustøtt som den «rare» på grunn av tvangstankane, og er villig til å gjera alt for å behalda den beste venninna ho har. Men då Sanne ein dag sviktar Tara, bryt Tara venskapen og Sanne blir ståande att åleine.
Ho føler på skuld og skam, og tvangstankane eskalerer.
Fint om fleire deler korleis dei har det
Maya Ystenes (13), som spelar bestevenninna Tara, synest det er viktig og bra at NRK Super set fokus på tvangstankar.
– Det er kanskje ein del barn som har ein slags idé om kva det er, men det er fint at serien gir alle meir kunnskap, seier ho.
Maya Ystenes trur det vert enklare for dei som strevar å få hjelp, dersom fleire veit kva tvangstankar er. Ho meiner det er fint om alle opnar seg meir om korleis dei har det inni seg.
– Viss du opplever at nokon har tvangstankar, prøv å få den personen til å føle seg trygg rundt deg, seier ho.
- Les også: Inviterte Herman Flesvig til kjellarstova for å snakka om følelsar: – Det er jo litt tabu for gutar
Ikkje bruk energi på kva andre meiner om deg
– Daniel tenkjer mest på korleis Sanne er som person. Han bryr seg ikkje om at ho har tvangstankar, seier Viljar Knutsen Bjaadal (14).
Han spelar karakteren Daniel, som dei to bestevenninnene Sanne og Tara vert forelska i.
Viljar Knutsen Bjaadal fortel at han visste kva tvangstankar var før innspelinga av serien starta.
– Eg hadde høyrt om det. Eg har ein ven som sleit med det før, fortel han.
14-åringen trur det er viktig at dei som har det slik snakkar med nokon om det.
– Du bør snakke med ein vaksen. Viss du skal bruke mykje energi på å tenkja på kva andre meiner om deg, får du ikkje levd livet ditt på den beste måten, rår han.
- Les også om vandrepsykologane som vil få menn til å snakke om kjensler: – Framleis litt sett ned på at menn snakkar om det som er sårbart