Det kan vere for seint å redde sommarisen i Arktis

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nedsmeltinga av isen i Polhavet kan ha nådd eit kritisk punkt der det er for seint å redde sommarisen, ifølgje forskarar som har late seg drive over Nordpolen.

– At sommarisen forsvinn i Arktis er ei av dei første landminene i minefeltet, eitt av vippepunkta vi passerer når oppvarminga blir for høg, seier Markus Rex som har leidd det største internasjonale forskingstoktet over Nordpolen nokon gong.

Meir enn 300 forskarar frå 20 land har delteke i ekspedisjonen. Dei har late seg fryse inn med det tyske forskingsskipet Polarstern og drive over polisen slik Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen gjorde med Fram på 1890-talet. Etter ti månader i isen kom Polarstern tilbake til Tyskland i oktober.

Ekspedisjonsleiar Markus Rex under ein pressekonferanse om om polarekspedisjonen MOSAIC på Fram-senteret i Tromsø.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Aldri smelta fortare

Tysdag vart nokre av dei vitskaplege dataa presenterte.

Forskarane finn at isen aldri har smelta fortare enn våren 2020 i dei registrerte tidsseriane over issmelting. Dei finn òg at isutbreiinga er halvert dei siste tiåra.

Samanlikna med Nansen og Johansen si ferd for 130 år sidan, er istjukna no halvert. Temperaturen er òg 10 grader høgare no enn då Fram dreiv gjennom området.

Skipet Polarstern i den arktiske isen. Foto: Alfred-Wegener-Institut / Jan Rohde (CC-BY 4.0)

Varmeopptaket aukar

Når den kvite og høgreflekterande isen smeltar og blir erstatta av absorberande vatn, blir òg varmeopptaket i Polhavet auka. Det forseinkar innfrysinga om hausten.

Isforskar Stefanie Arnt seier det er vondt å vite at vi er den siste generasjonen som kan oppleve eit Arktis der havet er islagd om sommaren.

– Sjøisdekket som minskar gradvis er eit viktig habitat for isbjørnen, seier Arnt til AFP.


15. juni 2021 anka Greenpeace, Natur og Ungdom og seks unge klimaaktivistar til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Klimaaktivistane som er med i klagen er Ingrid Skjoldvær (27), Gaute Eiterjord (25), Ella Marie Hætta Isaksen (23), Mia Cathryn Chamberlain (22), Lasse Bjørn (24) og Gina Gylver (20). Frode Pleym er leiar for Greenpeace og Therese Hugstmyr Woie er Natur og Ungdom-leiar. Foto: Lasse Fløde/Greenpeace