Dette er den nye klimaplanen til regjeringa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye klimaplanen dekkjer perioden frå 2021 til 2030.

Hovudvekta ligg på tiltak innanfor såkalla ikkje-kvotepliktig sektor, men regjeringa varslar òg grep som skal gi utsleppskutt innanfor industri og olje- og gassverksemd. I tillegg tek planen for seg skogbruk og arealbruk.

– For første gong legg ei regjering fram ein truverdig, heilskapleg plan for å få ned utsleppa i alle sektorar. Det skal lønne seg å kutte utsleppa, seier Rotevatn.

Aukar CO2-avgifta

Eit hovudgrep er skjerping av CO2-avgifta.

Ho skal gradvis trappast opp til 2.000 kroner per tonn i 2030, mot 590 kroner i dag. Auken skal gjere det dyrare å sleppe ut CO2 – og meir lønnsamt å kutte utsleppa.

Regjeringa legg dessutan inn ein premiss om at samla skatte- og avgiftsnivå ikkje skal auke. Det betyr at auka avgifter vil bli motsvart av tilsvarande skatte- eller avgiftslettar på andre område.

LES OGSÅ: Ny undersøking: Over halvparten seier nei til oljeleiting i Arktis

Vil ha ned transportutsleppa

Innanfor ikkje-kvotepliktig sektor er målet at utsleppa av klimagassar skal kuttast med 45 prosent frå 2005-nivå innan 2030. Desse kutta skal skje nasjonalt i Noreg.

Ikkje-kvotepliktig sektor dekkjer transport, bygg, avfall, jordbruk og noko industri og olje- og gassverksemd. Til saman er det snakk om rundt halvparten av Noregs samla utslepp.

Det er spesielt transport regjeringa går laus på i den nye planen sin.

Det blir strengare klimakrav i offentlege innkjøp:

* frå 2022 blir det krav om nullutslepp i offentlege innkjøp av personbilar og lette varebilar.

* frå 2025 blir det tilsvarande for bybussar.

Det skal i tillegg stillast krav om låg- eller nullutslepp i nye ferjeanbod frå 2023 og noko seinare for hurtigbåtar og servicefartøy i havbruket.

Testferja M/F Folgefonn er ei hybridferje som går mellom Stord og Tysnes. Frå 2023 blir det krav om låg- eller nullutslepp frå ferjer. (Arkivfoto)

LES OGSÅ: 2020 var det varmaste året i Noreg nokon gong

Skjermar jordbruket

I jordbruket kjem det derimot ingen nye krav om kutt i klimaplanen. I staden byggjer planen vidare på den avtalen jordbruket allereie har inngått med styresmaktene.

Klimaavtalen for jordbruket vart inngått i juni 2019. I avtalen forpliktar partane seg til å arbeide for utsleppskutt og auka opptak av CO2 tilsvarande 5 millionar tonn for perioden 2021–2030.

Dette målet gjeld framleis i klimaplanen som no er lagt fram.

– I klimaplanen slår vi fast at klimaavtalen mellom staten og jordbruket er berebjelken i det vidare klimaarbeidet i landbruket, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF). (©NPK)

LES OGSÅ: Nye analysar: FNs klimamål er innan rekkjevidde

Bilete frå Klimabrølet 30. august 2019 i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Fakta: Dette er ikkje-kvotepliktig sektor

  • Ikkje-kvotepliktig sektor dekkjer transport, bygg, avfall, jordbruk og noko industri og olje- og gassverksemd. Til saman er det snakk om rundt halvparten av Noregs samla utslepp.
  • Innanfor ikkje-kvotepliktig sektor er målet at utsleppa av klimagassar skal kuttast med 45 prosent frå 2005-nivå innan 2030. Desse kutta skal skje nasjonalt i Noreg.