Universitet førebur seg på undervisning utan avstand
Kunnskapsdepartementet har bede universitet, høgskular og fagskular om å førebu seg på undervisning utan éin meters avstand mellom studentane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Moglegheita til gå bort frå avstandskravet i undervisninga føreset at smittesituasjonen er på eit slikt nivå at vi har gått til trinn fire i gjenopningsplanen. Der er vi ikkje per i dag, opplyser departementet til NTB.
Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) vil måndag fortelje om dei neste stega i gjenopninga av Noreg. Høie har tidlegare varsla at trinn fire kan bli utsett.
Men at universiteta kan byrje å planleggje for undervisning utan avstand, blir tekne uansett godt imot av UiO-rektor Svein Stølen.
– Det gjer godt å gå inn i sommarferien med kunnskap om at vi rykkjer stadig nærare ein studie- og arbeidskvardag som er slik vi ønskjer at den skal vere ved Universitetet i Oslo: full av fine, meiningsfulle og berikande møte ansikt til ansikt mellom studentar og forelesarar, og eit yrande liv på campus, seier Stølen.
Les også:
- Då Noreg stengde hadde Ingvild (18) akkurat starta på ny skule etter tre månadar heime: – Sårt å skulle verte kjend over Teams
- Student Caroline (19): – Hadde eg visst det skulle bli sånn hadde eg aldri byrja å studere i år
Mina (27) har droppa ut av studia to gongar – med heimeundervisning fekk ho toppkarakter