Xheni vert truga på livet fordi ho vil at lesbiske skal verte anerkjende som mødrer

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Vi vil ta deg, binde hendene og føtene dine med tau og drage i deg med to bilar, slik at kroppen din vert delt i to, midt på plassen.»

«Xheni, du er eit dårleg frø, eit dyr, faen ta ditt folk. Ein dag vil vi kutte av hovudet ditt og hovuda til alle bitches og faggots. Dra frå dette landet før vi drep deg.»

«Du fortener gasskammeret, din sopar. Du fører skam på samfunnet vårt. Faen ta deg.»

«Du skulle vore hengd midt i Tirana.»

«Vi får sjå om du overlever om du går ut i gatene. Sjuke skapningar.»

Den siste veka har albanske Xheni Karaj motteke tallaust med dødstrugslar og valdtektstrugslar, etter at organisasjonen ho driv, Aleanca LGBT, gjekk ut med støtte til eit lesbisk par som vil verte anerkjende som likeverdige foreldre.

– Meldingane ho har motteke er uvanleg mange og brutale, fortel Mina Skouen som er ansvarleg for arbeidet med menneskerettar i Den norske Helsingforskomité i ei uttaling.

Menneskerettsorganisasjonen er uroa for at trugslane kan verte gjort om til handling.

Ei mor for mykje?

Albanske Anisa og Elida vart i januar foreldre til tvilling-jenter, men då dei freista registrere barna fekk dei beskjed om at begge ikkje kunne verte oppførte som forelder. Barna kunne berre verte registrerte som fødde til ei åleinemor, trass i at det lesbiske paret hadde budd saman i ti år.

– Foreldreskap er ikkje berre ei biologisk hending, men ein lang prosess med offer, forplikting og teneste basert på kjærleik, skreiv Aleanca LGBT i eit opent brev, ifølgje Balkan Insight.

Dei nybakte foreldra Anisa og Elida har varsla at dei vil ta saka gjennom rettssystemet, og Aleanca LGBT vil støtte dei i forsøket. Organisasjonen fryktar saka vil ta lang tid og at tvillingane vil verte verande i eit juridisk limbo.

I kjøvatnet av brevet og ein TV-debatt om saka har det kome hundrevis av trugslar retta mot Xheni Karaj. Groteske skildringar om korleis avsendarane vil valdta og drepe ho, og at Albania ikkje er eit land der det er plass til slike som ho.

Halvparten av skeive har opplevd psykisk vald

Framtida.no har tidlegare delt historia til Xheni Karaj og arbeidet ho gjer for å betre vilkåra til skeive i heimlandet.

Sjølv vart Karaj den første opent lesbiske i Albania då ho i 2012 tok til motmæle mot hatefulle kommentarar mot skeive.

I eit politisk program på TV sa politikar Murat Basha at dersom sonen hans var homofil, så ville han skyte han. Karaj sat i publikum og kjende at dette var den siste dråpen, så ho tok til mikrofonen og svara:

– Det er fordi det finst folk som deg i denne verda, at folk som meg må gøyme seg og leve eit dobbeltliv. Men ikkje lenger! Eg kan ikkje verte verande i skuggen, så difor kjempar eg.

Sidan den gong har ho opent arbeidd for eit meir inkluderande albansk samfunn, men det gjenstår framleis ein lang veg å gå.

I ILGA Europe si årlege kartlegging av menneskerettssituasjonen for LHBTI-personar kjem Albania no ut på 26. plass av dei 49 vurderte europeiske landa.

I rapporten peikar organisasjonen på at 1 av 2 skeive i landet har opplevd psykisk vald og mobbing, og 1 av 5 har vorte seksuelt trakkasert. I løpet av koronapandemien har diskrimineringa og valden auka, ifølgje rapporten.

Mina Skouen hjå Den norske Helsingforskomite arbeider for menneskerettar og fridom frå diskriminering. Foto: NHC.

Ber albanske styresmakter ta grep

Mina Skouen frå Den norske Helsingforskomité uttalar at dei er djupt uroa for tryggleiken til Karaj og dei andre som er involverte i saka, sidan hatmotivert vald er utbreidd i Albania.

– Politiet bør utføre ei grundig og effektiv gransking av trugslane mot Xheni og angrep på LHBTI-miljøet, og halde avsendarane ansvarlege. Vi ber òg om at dei tek dei nødvendige forholdsreglane for å sikre den personlege tryggleiken til Xheni Karaj, familien og kollegaane, seier Skouen i uttalinga og held fram:

– Til sist, oppmodar vi dei albanske styresmaktene til å uttale offentleg at denne typen trakassering av menneskerettsvernarar ikkje vil verte tolerert i Albania.


Les også invervjuet med makedonske Antonio: – Vi fortalde styresmaktene at «vi har ikkje politisk makt, vi har ikkje pengar, vi kan ikkje gje dykk stemmer i valet, men det bør ikkje vere eit vilkår for at de gjev oss eit verdig liv».

Antonio Mihajlov var ein av arrangørane bak den første pride i Nord-Makedonia noko sinne, i 2019. Foto: Privat