Tyskland vil forby «homoterapi» for barn: – Ingen skal bli leia til å tru at du kan kurere homoseksualitet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Homoseksualitet er ikkje ein sjukdom. Difor er til og med omgrepet terapi misleiande, skriv den tyske helseministeren Jens Spahn i ein e-post til Reuters.

Den tyske helseministeren vil forby praksisen med såkalla «homoterapi». No har ministeren lagt fram eit konkret lovforslag.

Spahn meiner ei slik lovendring vil senda eit viktig signal til dei som strever med seksualiteten sin om at du er bra nok, akkurat slik du er.

– Denne såkalla terapien gjer deg sjuk, ikkje frisk, understrekar han.

Opprop mot «homo-heilung»

Lovforslaget kjem etter at den unge aktivisten Lucas Hawrylak i fjor lanserte eit opprop mot såkalla «homo-heilung», som har fått over 80.000 underskrifter.

Konverteringsterapi eller «seksuell re-orientering» er ein praksis der ofte unge menneske vert utsette for ulike former for behandling som tek sikte på å endra legninga deira.

Ifølgje avisa Deutche Welle meiner ekspertar at det i Tyskland kan dreie seg om 1000 saker i året, som vert utført av både religiøse utøvarar og psykoterapeutar.

Ein amerikansk studie frå i fjor slår fast at dei som vert utsette for praksisen har auka risiko for mellom anna depresjon, sjølvmordstankar og -forsøk.

Det tyske lovforslaget inneber å forby all såkalla «konverteringssterapi» på personar under 18 år. Det inneber terapi som tek sikte på å endra seksuell legning eller kjønnsidentitet. Forslaget legg òg opp til eit forbod mot sjelesorg og samtalar med psykoterapeutar med dette målet for auget, for dei under 18 år.

Den tyske helseministeren Jens Spahn (frå partiet «Tysklands kristendemokratiske union», CDU)  la nyleg fram eit forslag om å forby konverteringsterapi på mindreårige. Foto: AP Photo/Markus Schreiber

Unntak for 16-18-åringar

Det er likevel eit unntak for personar i alderen 16 til 18 år dersom den som utfører «behandlinga» kan bevisa at personen forstår risikoen det inneber.

Det å marknadsføra ein slik praksis skal likevel vera straffbart og kan gje bøter på inntil 30 000 euro.

Praksisen vert framleis lovleg for personar over 18 år, under faste rammer. Dersom ein person går med på å delta fordi hen vert lurt, overtala eller truga, er det eit lovbrot.

Brot på lova kan straffast med fengsel eller bøter, men forslaget spesifiserer ikkje vidare kor mykje.

Det vert òg presisert at behandling som tek sikte på å endra seksuell åtferd som pedofili og ekshibisjonisme (blotting) skal vera lovleg.

Lucas Hawrylak, som står bak oppropet mot «homoterapi» i Tyskland vil jobba for ei betre lov. Foto: Privat

Initiativtakar trudde ikkje det var mogleg

I ei melding til Framtida.no skriv Lucas Hawrylak, som står bak oppropet #QueersNeedNoHealing, at lovforslaget er eit viktig steg mot å forby inhumane konverteringsterapiar i Tyskland.

– Spesielt forbodet mot å marknadsføra konverteringsterapi kan hindra at folk tek del i slike alvorlege overgrep, skriv Hawrylak, som ikkje hadde sett føre seg at ei slik lov var mogleg for eitt år sidan.

27-åringen understrekar at lova er viktig for å verna mindreårige homo- og transseksuelle mot massive inngrep i deira personlege og fysiske utvikling.

Aktivisten meiner likevel at forslaget ikkje er perfekt og ser gjerne at unntaket for aldersgruppa 16-18 år vert droppa.

– Helseministeren er einig i at konverteringsterapi er skadeleg for både kropp og sjel og i tillegg ineffektivt. Ingen skal bli leia til å tru at du kan kurere homo- eller transseksualitet. Difor hadde eit komplett forbod vore logisk, understrekar Hawrylak, som trur på ei løysing som kan tilfredsstilla alle partar.

Programleiar Morten Hegseth konfronterer Erna Solberg i VG-serien «Homoterapi». Skjermdump: VGTV

Norsk «homoterapi»

Homoterapi er betydeleg meir utbreidd i USA enn Tyskland. I fjor kom ein rapport som estimerte at nærare 700.000 unge amerikanarar mellom 18 og 59 år har vore utsett for praksisen.

Men også i Noreg finst det døme på konverteringsterapi eller seksuell re-orientering, som ein kan sjå i VG-serien «Homoterapi».

I haust skal Stortinget behandla eit lovforslag om å forby såkalla «homoterapi» i Noreg. EU har mellom anna oppmoda sine medlemsland til eit slikt forbod.

I samband med dette spurde Framtida.no alle ungdomspartileiarane om dei var for eller imot eit forbod.

Motstanden mot praksisen var einstemmig, men både FpU, Unge Høgre og KrFU meinte at sjelesorg er verna av religionsfridomen.

– For å seie det litt banalt, så må det vere lov å vere trist homo. Du må kunne gå til presten din for å sørge. Men det er lang avstand frå sjelesorg til demonutdriving og eksorsisme, sa FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud til Framtida.no.

Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i Framstegspartiets Ungdom, er imot konverteringsterapi, men meiner det vert vanskeleg å definere rammene for eit forbod. Foto: Fpu