Stortinget vil greia ut forbod mot «homoterapi»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie 3. desember melde Aftenposten at det var fleirtal i Stortinget for å greia ut eit forbod mot konverteringsterapi.

Saka vart behandla i Stortinget i går. Alle parti bortsett frå KrF gjekk inn for å greia ut eit forbod.

Coming out Christine: – Ver sinte

Fleire representantar frå opposisjonen ville gå endå lenger og vedta eit forbod med det same.

Både Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne har fremma forslag om å forby konverteringsterapi. Praksisen finn stad i religiøse miljø og kan ta form av samtalar eller meir fysiske former for «behandling» der målet er å endre ein person si legning eller kjønnsidentitet.

Dei mest omfattande forslaga vart stemt ned i Stortinget, noko transaktivist Christine Jentoft reagerer kraftig på:

 

Saka har skapt mykje blest etter at VGTV, med Morten Hegseth i spissen, lanserte dokumentarserien «Homoterapi».

I løpet av to døgn hadde over 80.000 signert eit opprop for eit forbod. I dag har over 110.000 skrive under.

Kristoffer Dragesæt (30) er overvelda over responsen på underskriftskampanjen han initierte for å seia nei til såkalla homoterapi. Foto: Privat/Skjermdum

Hegseth: – Eg er ganske trygga

Etter å ha følgt behandlinga i Stortinget seier Hegseth til VGTV at han er utolmodig, men nøgd med vedtaket.

– Eg synest at me i Noreg i dag treng eit lovforbod, når me har sett kor stort omfanget av homoterapi er, seier Hegseth, som legg til:

– Eg er ganske trygga i dag, etter å ha høyrt både Høgre, Frp og Venstre, kor ekstremt tydelege dei er på at dei er imot homoterapi.

VG tv-profil Morten Hegseth vart overraska av både skadeomfanget og kor stor støtte praksisen hadde i norske krikyrkjemiljø. Foto Kristoffer Kumar VG tv

Då saka vart behandla i familie- og kulturkomiteen peika medlemmene på at EU-parlamentet anbefalar sine medlemsland å innføra eit slikt forbod, noko både Malta, Uruguay, Canada og fleire amerikanske delstatar har gjort.

Komiteen peika vidare på at omgrepa konverteringsterapi, konversjonsterapi, homoterapi og reorientering vert brukt om kvarandre, og ba om ei grundig utgreiing for å sikra eit forbod som treffer riktig.

I 2018 lanserte Lucas Hawrylak (midten) eit opprop for eit tysk forbod mot homoterapi. Han jublar over det tyske lovforslaget, men meiner det kan bli betre. Foto: Twitter

Krass kritikk av Skei Grande

Kultur og likestillingsminister Trine Skei Grande fekk krass kritikk av SVs Freddy André Øvstegård etter onsdagens høyring, ifølgje TV 2.

Han meinte ministeren framsto arrogant og skapte unødig uvisse om utgreiinga ville føra til eit forbod eller ikkje.

Skei Grande meiner det var opposisjonen som skapte unødig usikkerheit og peikar på at regjeringa allereie er i gang med å greie ut lovverket med sikte på eit forbod.

– Eg var klokkeklar i Stortinget på at me skal greia ut med sikte på eit forbod mot konverteringsterapi. Me må gjere ein ordentleg jobb for å sikra eit lovverk som står seg og som tydeleg stoppar den type overgrep mot folk sin rett til å elske den ein vil, seier Skei Grande til TV 2.

Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i Framstegspartiets Ungdom, er imot konverteringsterapi, men meiner det vert vanskeleg å definere rammene for eit forbod. Foto: Fpu