På to døgn har over 80.000 skrive under på oppropet «Nei til homoterapi»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg håpar at heile utgreiinga vert ein formalitet. Me kan ikkje ha ein praksis der «homoterapi» er greitt, for det er ikkje, seier Kristoffer Dragesæt på telefon til Framtida.no.

Då 30-åringen frå Sandnes såg VG-serien «Homoterapi», som tek føre seg praksisen med konverteringsterapi eller seksuell re-orientering, byrja blodet å koke.

– Skjular det med å kalla det sjelesorg

Dragesæt, som til dagleg bur og jobbar som IT-seljar i Dublin, vart både sjokkert og bekymra over forholda heime i Noreg.

– Dei skjular det gjerne med å kalla det sjelesorg eller forbøn. Når folk vert fortalt at dei er sjuke, og endar opp med å ta livet sitt fordi dei kjenner på dobbeltskamma av å først vere homofil og så at dei ikkje kan endra det, då er eg bekymra. Eg er ikkje bekymra for majoriteten, men eg er bekymra for han eine eller ho eine, forklarar 30-åringen.

Han understrekar at saka ikkje berre gjeld homofile, men òg andre lesbiske, transpersonar og andre som ikkje identifiserer seg som cis-hetero.

80.000 underskrifter på to døgn

Dragesæt har ikkje førstehandskjennskap til temaet, men har mange homofile vener. Etter å ha sett engasjementet i Facebook-gruppa NEI TIL HOMOTERAPI bestemte han seg for å ta det eitt steg vidare og starta ein underskriftskampanje.

Initiativtakaren hadde håpa på 20.000 underskrifter. Han er difor overvelda over at det i løpet av to døgn har rast inn over 80.000 underskrifter.

21. november vert det òg ein demonstrasjon mot homoterapi framfor Stortinget.

Dragesæt håpar at både kampanjen og demonstrasjonen, som han diverre ikkje rekk heim til, vil skapa endå større bevisstheit rundt temaet og bidra til fortgang i å få på plass eit forbod mot såkalla «homoterapi».

Han peikar på at EU allereie i 2018 bad medlemslanda sine om å innføra eit slikt forbod og meiner EØS-landet Noreg allereie er alt for seint ute.

– Om me kan redda eitt liv med å få i gang eit slikt forbod, så er eg happy.

Programleiar Morten Hegseth konfronterer Erna Solberg i VG-serien «Homoterapi». Skjermdump: VGTV

Uroa for sjølvmordsfaren

Spesielt sterkt inntrykk gjorde historia i dokumentarserien «Homoterapi» om den svenske «konverteringsterapeuten» som slutta å telje etter 56 sjølvmord.

– Slike ting må få konsekvensar. Det er konsekvensar for mindre ting enn å driva folk til sjølvmord. Eg trur det er ganske store mørketal, seier Dragsæt og viser til dei høge sjølvmordstala i eitt av verdas beste land å bu i.

Han har ikkje gjort seg opp ei meining om straffa, men har sett på det tyske lovforslaget som vil forby homoterapi på barn under 18 år. Dette trur han ikkje vi vere dekkjande nok.

– Veldig mange kjem ikkje ut før i 20-årsalderen. Du er like sårbar då som når du er 14, difor er ikkje eit forbod som dekkjer barn og unge nok, seier Dragesæt.

Hegseth: – Heilt rått!

VGTV-profil Morten Hegseth meiner underskriftskampanjen er eit tydeleg signal om at det norske folk vil ha ein slutt på«homoterapi».

– Det er heilt rått! Det viser at det norske folk er samvittigheitsfulle ovanfor den skeive delen av befolkninga. Det sender eit kjempeklart signal og eg håpar statsministeren og regjeringa ser til folket, seier Hegseth.

I arbeidet med dokumentaren var det den første reaksjonen frå statsminister Erna Solberg, som overraska han mest.

Hegseth forventa seg ein støttande reaksjon frå statsministeren under Pride-markeringa, men peikar på at Erna Solberg då han konfronterte sa:«Nei, det er eg litt skeptisk til».

Han rosar likevel statsministeren for å endra meining å gå inn for ei utgreiing.

– Høgre er jo homopartiet, så eg vert overraska om dei ikkje snur, men heller bestemmer seg for å halda KrF varme, seier Hegseth.

VG tv-profil Morten Hegseth vart overraska av både skadeomfanget og kor stor støtte praksisen hadde i norske krikyrkjemiljø. Foto: Kristoffer Kumar, VGTV

Undervegs i dokumentaren var det to ting som sjokkerte han. Det første var kor store konsekvensar det hadde for dei som vart utsett for det, anten det dreidde seg om eksorsisme eller sjelesorg. Det andre var kor stor aksept det var for praksisen i norske frikyrkjemiljø.

– Me må vera varsame med å setja ein merkelapp på alle kristne, men det er ein stor del av frikyrkjemiljøet som synest homoterapi er heilt fint og flott.

Tru håp og kjærleik

Arbeidarpartiet sitt representantforslag om å forby homoterapi skal truleg behandlast av Stortinget 11. eller 13. desember. Arbeidarpartipolitikar Kari Henriksen har ifølgje NTB bede om at alle dei 169 representantane stiller for å handsama saka.

Dragesæt meiner at det å tilby seg å kurere noko som ikkje er ein sjukdom og heller ikkje kan kurerast, er kvakksalveri.

Statsminister Erna Solberg uttala først at ho var skeptisk til eit forbod og grunngav det med religionsfridom, men har seinare gått inn for å støtta utgreiinga.

Dette meiner Dragesæt er eit steg i riktig retning, men etterlyser endå tydlegare tale frå statsministeren. Sjølv er han tydeleg på at «religionsfridom skal det vere, men den stoppar der menneskerettane vert forstyrra».

Aktivisten var medlem i Indremisjonen på Vestlandet då han var ung og løftar fram den kristne frasa om tru, håp og kjærleik, men størst av alt er kjærleiken.

Han argumenterer vidare med at den kristne oppfatninga av at homofili er synd byggjer på ei feilaktig omsetjing.

Vil vera ein støttespelar

30-åringen har ikkje sjølv opplevd noka krise knytt til eigen seksualitet, men kan kjenna seg att i tema som identitetskrise og mangel på støtte. Difor meiner han det er viktig å vere ein støttespelar frå utsida.

– Kven er det som er homo i dag og ynskjer å bli kvitt det på eige initiativ? Det er ikkje ein einaste. Då er dei påverka av autoritetar som pastor, vener eller foreldre og det er ein form for hjernevask, avsluttar Dragesæt.

Les meir: Tyskland vil forby «homoterapi» for barn: – Ingen skal bli leia til å tru at du kan kurere homoseksualitet

I 2018 lanserte Lucas Hawrylak (midten) eit opprop for eit tysk forbod mot homoterapi. Han jublar over det tyske lovforslaget, men meiner det kan bli betre. Foto: Twitter