Rekordmange fullfører vidaregåande opplæring

Aldri før har så mange fullført vidaregåande opplæring som no, viser nye tal frå SSB. – Vi går i riktig retning, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant dei som byrja i vidaregåande opplæring i 2014, har nesten 80 prosent fullført vidaregåande opplæring fem/seks år etterpå, viser ferske tal frå SSB.

Dette er ein oppgang på 7,6 prosentpoeng frå 2006-kullet.

– Dette er veldig bra, og viser at vi bevegar oss mot målet til regjeringa som er at minst ni av ti skal fullføre vidaregåande skule i 2030, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Også blant innvandrarar har fullføringa auka. Sidan 2006 har delen som fullfører blant innvandrarar auka med over 10 prosentpoeng.


Fleire studentar har i koronaåret valt å byrje på vidare utdanning framfor å ta seg arbeid. Illustrasjonsfoto: Bantersnaps/Unsplash