Halldis (17) vann skrivekonkurransen: – Når ein har ressursar til å hjelpe andre så bør ein gjere det

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halldis (17) vann skrivekonkurransen

– Det kom veldig uventa, men det er veldig gøy! seier ein glad Halldis Toft-Tønnessen når Framtida slår på tråden.

17-åringen frå Oslo rykte heilt til topps i skrivekonkurransen til Framtida, Magasinett og Den norske Helsingforskomité om menneskerettar og LHBTQI+.

Blei oppmuntra av læraren

Toft-Tønnessen fortel at det var samfunnsfaglæraren hennar ved Valle Hovin videregående skole som oppmuntra henne og resten av klassen til å delta i skrivekonkurransen.

– Eg valde oppgåva som innebar at eg skulle skrive eit meiningsinnlegg om levekåra for skeive i Noreg anno 2021, seier Toft-Tønnessen

Utfordringane skeive står overfor, kva slags diskriminering dei møter i Noreg og kva som må til for at skeive skal bli likestilte i det norske samfunnet, var nokre av problemstillingane ho skreiv om.

Måtte setje seg inn i situasjonen til skeive

Men før ho gjekk i gang med skrivearbeidet, brukte 17-åringen mykje tid på å lese seg opp på emnet. Toft-Tønnessen fortel at den første utfordringa ho møtte på, var at ho sjølv er heterofil og ikkje har nokon førstehandserfaringar om korleis det er å vere skeiv i Noreg.

Ho hadde til dømes aldri sjølv opplevd å bli diskriminert på bakgrunn av seksuell legning, fortel ho.

– Før eg skreiv oppgåva visste eg ikkje at det var så mykje fordommar mot skeive i Noreg, seier ho og held fram:

– Eg har alltid tenkt at alle er som meg, at alle er imøtekommande mot andre uansett kva for ein legning ein har. Det er rart at nokon har eit heilt anna tankesett.

– Vi lever i eit heteronormativt samfunn 

Halldis går på toppidrettslinja på Valle Hovin videregående skole med fotball som hovudfag. Men å bli fotballstjerne er ikkje det Oslo-jenta siktar mot nett no. – Eg trur eg vil bli journalist eller fysioterapeaut i framtida, seier ho.

Basert på det ho har lært meiner Toft-Tønnessen at vi lever i eit heteronormativt samfunn, altså eit samfunn der ein tek for gitt at alle er heterofile.

– Viss ein er homofil, lesbisk eller bifil, ligg det ei forventning om at ein må fortelje om sin seksuelle legning, seier Toft-Tønnessen.

– At det blir forventa at alle er heterofile inntil det motsette er bevist. Sånn skulle eg ønske at det ikkje var.

Toft-Tønnessen meiner at ein må endre haldningar og sette i gang tiltak for å betre livskvaliteten til skeive i Noreg.

Homoterapi

Toft-Tønnessen valde mellom anna å skrive om den omdiskuterte praksisen «homoterapi».

«Ideen om homoterapi bygger på at ein kan endre den seksuelle orienteringa til eit menneske ved hjelp av terapi. Dette fungerer på same måte som behandlinga av menneske med psykiske lidingar. Betyr det at homofili blir tolka som ei liding?» skriv ho i vinnarteksten.

Debatten om homoterapi har vore mykje i vinden dei siste åra og det toppa seg i 2019.

Ap og MDG foreslo då eit forbod mot praksisen, men fekk ikkje fleirtal på Stortinget. I staden blei regjeringa beden om å greie ut saka. Regjeringa lova å gjere det, men framleis har ingenting skjedd.

– Konverteringsterapi, og eit eventuelt forbod mot dette, reiser mange og vanskelege juridiske problemstillingar. Det er få land som har eigne forbod mot dette, og det er derfor få stader å hente erfaringar frå, skreiv Raja i eit svar til Stortinget.

Morten Hegseth sette homoterapi på dagsorden i serien «Homoterapi», der han mellom anna konfronterte statsminister Erna Solberg om saka. Skjermdump: VGTV

Dei som kjempar for eit forbod mot homoterapi understrekar at homofili ikkje er ein sjukdom, og at det har blitt dokumentert at denne typen behandling har store negative konsekvensar for dei som blir utsett for det.

På den andre sida meinar dei som er imot forbodet at retten til religionsfridom veg tungt. Eit anna motargument er basert på ein ide om at dei religiøse miljøa som praktiserar dette vil halde fram med praksisen, og at homoterapi i løyndom vil gjere vondt verre.

Andre igjen meiner omsynet om å skjerme ein seksuell minoritet mot det som har vore systematiske overgrep frå religiøse grupper må vege tyngre enn religionsfridom.

Toft-Tønnessen er ikkje i tvil om kva ho meiner om saka:

– Det kan vere vanskeleg å skrive objektiv om homoterapi for det er jo ikkje greitt i det heile tatt, seier Toft-Tønnessen på telefonen.

– Når eg les om homoterapi får eg så lyst til å gjere noko med det.

Bør hjelpe andre om ein kan

Toft-Tønnessen har vakse opp på Grünerløkka i lag med ei tvillingsøster og ei eldre søster. Ho fortel at ho lenge har hatt skriving som ein hobby.

– Eg likar å skrive om ting som engasjerer meg. Når eg skriv opplever eg at meiningane mine kjem betre fram enn når eg deltek i munnlege diskusjonar, seier ho.

Ho fortel at skrivelysta spring ut av ei kjensle av urettferder som ho ser rundt seg.

– Eg har aldri sjølv blitt dårleg behandla, men eg ser at mange andre blir det. 

Eg tenker at når ein har ressursar til å hjelpe andre så bør ein gjere det.


Les intervjuet med albanske Xheni: – På grunn av folk som deg, lyt folk som meg gøyme seg

Xheni Karaj kom ut som lesbisk på nasjonal TV, fordi ho ikkje orka vere taus lenger. Foto: Privat