Vi må endre haldningar og sette i gang tiltak for å betre livskvaliteten til skeive i Noreg.
Halldis Toft-Tønnessen (17)
Halldis Toft-Tønnessen (17)

Dette innlegget vann skrivekonkurransen til Framtida.no, Den norske Helsingforskomité og Magasinett.

LHBTQI+ er eit omgrep som blir brukt for å definere dei ulike seksualitetane som finst. Dette omgrepet er laga med ei hensikt om at alle som ikkje er heteroseksuelle skal kunne definere eigen seksualitet. Her i Noreg er dette omgrepet tydeleg innlemma i kvardagen vår. Noreg blir ofte sett på som eit av dei landa som er best til å ta imot menneske som bryt med kjønnsnormene.

Ifølgje ein statistikk frå SSB utgjer LHBTQI+ samfunnet 7 prosent av befolkninga vår, dette svarar til 350.000 menneske. Vi høyrer hyppig skrekkhistorier om menneske frå andre land i verda som blir banka opp og fengsla for å elske den dei elskar. I Noreg, derimot, kan vi vere kven vi vil og elske den vi vil, uansett.

Er det likevel slik at det berre er enkelt å vere skeiv i Noreg?

Tok sitt eige liv etter homoterapi

Eit omgrep som har blitt meir omdiskutert i media i det siste er homoterapi, også kalla seksuell reorientering. Ideen bygger på at ein kan endre den seksuelle orienteringa til eit menneske ved hjelp av terapi. Dette fungerer på same måte som behandlinga av menneske med psykiske lidingar. Betyr det at homofili blir tolka som ei liding?

Betyr det at homofili blir tolka som ei liding?

Ulf Lidman er ein av prestane som har jobba som homoterapeut i samband med ein av dei største homoterapiorganisasjonane. Etter behandlinga deira kjenner han til over 50 unge homofile og bifile som har tatt sitt eige liv etter terapi i Guds namn.

Etter dette vart sett lys på har regjeringa varsla ei lov imot homoterapi. Å tvinge nokon til å endra eigen seksualitet er i strid med lova om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering.

Det er ofte for dårlege eller mangel på lover tileigna LHBTQI+-samfunnet som er rota til ein del av problema dei står overfor.

Hjelpa kjem for seint

I Noreg tilbyr vi gode tilbod og hjelp for transpersonar. Det er mogleg å utføre operasjonar av kjønnsorgan, få piller som reverserer utviklinga av feil kjønn og andre piller som fremmar det ønskte kjønnet.

Men, for mange kjem denne hjelpa for seint.

Hos jenter startar puberteten vanlegvis i 11-12 års alderen og for gutar startar han i 12-13 års alderen. Dei fleste kjønnsbekreftande tiltaka er likevel ikkje lovleg å ta i bruk før fylte 16-18. Det vil seia at for dei aller fleste vil det uønskte kjønnet byrja å utvikla seg allereie 2-3 år for tidleg. Mykje kan skje på desse åra.

Dette kan føra til plager både fysisk og psykisk for mange transpersonar fordi dei opplever uønskte endringar av eigen kropp. Slike endringar kan òg føra til fordommar. Noko mange i dette samfunnet opplever dagleg.

Stereotypiar

Sjølv om ein stor prosentdel av den norske befolkninga er positive til mangfaldet og forskjellane i ei befolkning kjem ein sjeldan unna fordommar og stereotypiar.

I serien «Jævla Homo» på NRK vil Gisle A. G. Agledahl testa kva ulike menneske tenker om han utifrå kva legning han blir gitt.

Når dei får vite at han er heterofil trur dei at han elskar fotball, et hamburgar og er ein kjempekul fyr. Når dei derimot får vita at han er homofil ser han på The Kardashians og Paradise hotell, et vegetarmat og er skikkeleg «sassy».

Gisle A. Gjevestad Agledahl var programleiar for NRK-serien «Jævla homo». Foto: NRK

Dette er eitt trist døme på korleis vi har ein tendens til å setja andre i bås basert på seksualiteten deira.

Det er som om seksualiteten vår definerer heile identiteten vår. Å setja andre menneske i bås kan bli som å dela samfunnet opp i «oss» og «dei». Dette kan vera med på å skapa ein usunn segregering i det norske samfunnet.

Må endre tankesettet

Noreg er ikkje berre eit av de beste landa å bu i generelt, men også eit av de beste landa å bu i som skeiv. Likevel finst det også problem innanfor vårt samfunn. Desse problema finst både i det norske lovverket og hos enkeltindivida.

Det er heller ikkje «berre berre» å endre slike problem. Dette vil krevje at fleire menneske endrar tankesettet, noko ein del av samfunnet moglegvis ikkje godtar. Eg meiner likevel at desse problema må takast tak i.

Vi må endre haldningar og sette i gang tiltak for å betre livskvaliteten til skeive i Noreg.

Det skal vere lov å elske den ein elskar og definere seg som det ein vil utan at dette skal gå ut over livskvaliteten til skeive.


LES OGSÅ: Lukas vart kasta ut heimanfrå, Kristine trudde ho kunne velje legninga si bort

F.v. Tuulia Keränen (27), Lukas Steidl (21) og Kristine Medhaug Grönn (20). Foto: Privat/Maja Korbøl.
Oppdatert: måndag 21. juni 2021 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE