Vil ha nasjonalt kollektivkort – transportforskar meiner billigare enkeltbillettar er betre

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter forslag frå Senterungdommen gjekk Senterpartiet inn for eit nasjonalt kollektivkort på sitt landsmøte første helga i juni.

– Hovudpoenget er at det må bli rimelegare og meir klimavenleg å flytte på seg, seier leiaren for Senterungdommen, Torleik Svelle.

Han forklarar at månadskortet dei ønsker seg vil gjelde unge under 25 år og studentar fram til fylte 30 år, og at prisen må liggje på eit overkommeleg nivå for målgruppa.

Eit likare tilbod

I dag har fylkeskommunane allereie ansvar for å gje ungdom mellom 16 og 19 år rimelege ungdomskort, og staten dekkjer kostnadane som gjev skuleelevar og studentar 40 prosent rabatt på månadskort i ulike delar av landet.

Ungdomspartileiaren seier eit nasjonalt kollektivkort først og fremst skal sikre eit likare tilbod i heile landet.

– Alle skal kunne kome seg trygt heim. Nokon stader går det nattbussar ein gong i halvtimen, medan alternativet andre stader er å sitje i bilar som går alt for fort eller der det er alkohol involvert, seier Svelle.

Torleik Svelle er stolt av å leie Senterungdommen etter ei landsmøtehelg der dei fekk gjennomslag for fleire saker i moderpartiet. – Dette viser at det ein vedtek i ungdomsparti gjev resultat!, seier han. Foto: Senterungdommen

Klimavenleg og sosialt utjamnande

Både SV, Venstre, MDG, Raudt og AUF har allereie uttalt at dei ønsker liknande ordningar.

Julie Christina Rødje i Spire trur eit nasjonalt kollektivkort kan utjamne forskjellane mellom by og distrikt, og gjere bilen litt mindre fristande. Foto: Spire

Julie Christina Rødje leier miljøorganisasjonen Spire som også ønsker eit nasjonalt gjeldande kollektivkort velkommen. I sitt arbeidsprogram krev organisasjonen ei maksgrense på 200 kroner for kollektivkort for ungdom, og 400 kroner for vaksne.

Ho er sjølv frå Haugesund og er van til lange reiseetappar for å kome seg til for eksempel hovudstaden.

– Eit nasjonalt kollektivkort vil gjere at det er lettare å velje tog og buss når ein skal reise langt. I dag er fly ofte billigare, og då forstår eg at folk vel det, særleg unge og dei av oss med låg inntekt, seier ho.

Deira hovudargument er som dei politiske partia at rimelege prisar på kollektivtransport vil vere sosialt utjamnande og gagne klimaet.

– Me er glad for at fleire parti no tek til orde for eit nasjonalt kollektivkort, og håpar dei vil prioritere det inn mot valet og i eventuelle regjeringsforhandlingar.

Om billigare månadskort skulle blitt ein realitet for fleire enn ungdommen, er også auka trengsel ei utfordring, seier Askill Harkjerr Halse i TØI: – Ei ulempe med billige månadskort at det sannsynlegvis ville blitt brukt mykje av folk som reiser i rush-tida, og då vil ein kunne få stor trengsel i store byar. Foto: TØI

Meiner dyrare bil og fly er betre for klima

Askill Harkjerr Halse er forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI), og seier ordninga absolutt er gjennomførbar, men meiner det finst betre måtar å prioritere pengane på om målet er klimakutt.

 – Vil ein kutte i bil- og flytraffikk er det meir treffsikkert å auke prisane på det, enn å gjere kollektivtransport billigare, seier han og forklarar:

– Eit nasjonalt kollektivkort ville sannsynlegvis gjort det meir populært å reise kollektivt, men det er ikkje slik at kvar kollektivreise erstattar ein biltur. Det ville også ført til at folk reiser kollektivt på turar der dei elles ville sykla eller gått.

– Billige enkeltbillettar er ei betre prioritering

Verken Senterungdommen eller Spire har rekna på kva ei slik ordning vil koste for samfunnet. Svelle meiner ordninga er gjennomførbar, og seier han håpar Senterpartiet vil prioritere kollektivkortet om dei kjem til makta ved stortingsvalet til hausten.

– Det er staten som må ta initiativet for utvidinga av ordninga, og så må fylkeskommunane få pengar til gjennomføringa.

Halse ved Transportøkonomisk institutt seier eit nasjonalt kollektivkort heilt klart ville gjort det enklare å reise, og meir overkommeleg for mange å velje kollektivt. Likevel meiner han billigare enkeltbillettar ville vore ei betre prioritering:

– Samfunnsøkonomisk kan ein argumentere for at det betre å ha billige enkeltbillettar enn billige månadskort. Det at ein har låg pris på månadskort vil kanskje føre til høgare pris på enkeltbillettar, som går utover dei som reiser berre av og til. I Oslo kostar det i dag 38 kroner for ein enkeltbillett, også for ungdom, ein pris som er unødvendig høg.

 Låg pris på månadskort vil kanskje føre til høgare pris på enkeltbillettar

Instituttet har ikkje rekna på kva ei ordning med eit nasjonalt månadskort til nokre hundrelappar vil koste, men han viser til ordninga i hovudstden der ein kan nytte ulike kollektivselskap med same billett.

– Teknisk sett er det ikkje så komplisert å gjennomføre. Spørsmåla ein må stille er for det første kven som skal betale for det, og for det andre korleis lokale kollektivselskap skal bli kompensert.


Denne vesle minibussen har tatt over heile rutetilbodet i Sauda. Foto: Eirik Tangeraas Lygre