Dette meiner ungdommen kan sikra tilflyttarar til bygda

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me føreslår at det skal leggjast til rette for fjernarbeid. Då kan ein arbeide i eit stort internasjonalt firma og kanskje sitje på heimekontor, eller i eit etablert kontorfellesskap.

Det seier Kennet Tømmermo Reitan i Ungdommens distriktspanel i videoen der dei presenterer sine råd til regjeringa.

I dag presenterte Ungdommens distriktspanel ti tilrådingar, som dei meiner vil sikra distrikta i framtida:

  1. Tilgang til jobbfellesskap, arbeidserfaring og varierte arbeidsplassar
  2. Ungdom skal ha desentraliserte skule- og utdanningsmoglegheiter
  3. Det må bli enklare å komme seg frå A til Å
  4. Alle skal ha tilgang til stabilt og sikkert høgfarts- og mobilnett
  5. Verkemiddel gjer det enklare å etablere bedrift og få seg bustad
  6. Vegen til psykisk helsehjelp må bli kortare
  7. Ta vare på attraktiviteten i distrikta med nærleik til naturen
  8. Lokalsamfunna blir utvikla med møteplassar og lokale for unge gründerar og frivillige
  9. Ungdom må få større lokal påverknadskraft
  10. Beredskapen skal vere tilgjengeleg og trygg

 

Førarkort for 16-åringar

Dei meiner distriktskjære jobbar og eit desentralisert skule- og utdanningstilbod, samt ei auka satsing på transport vil gagna distrikta.

I det tredje punktet føreslår panelet mellom anna lågare bilettprisar på kollektivtransport, tryggare vegar og ei prøveordning med førarkort for 16-åringar med avgrensa hastigheit.

Panelet ønskjer seg òg betre beredskap og psykisk helsehjelp i distrikta, samt meir påverknad. Dei går difor inn for stemmerett for 16-åringar.

Eit anna tiltak dei håpar vil lokka unge til distrikta er lågare skatt for arbeidstakarar under 30 år og fjerning av eigenkapitalkravet ved kjøp av bustad i distriktet.