Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På eit beskjedent pauserom inst i Saudafjorden sit to sjåførar og ventar på nye oppdrag. I den vesle industrikommunen Sauda har Kolumbus, kollektivselskapet i Rogaland, bestemt seg for å prøve noko heilt nytt innan kollektivtransport.

Utgangspunktet var at Kolumbus hadde 110 avganger i Sauda kvar veke, men berre 1,5 passasjer per avgang. Prislappen låg på 2,5 millionar.

Nå er rutebussane heilt vekk.

– Det var alt for få passasjerar.

– Det var alt for få passasjerar, fortel sjåfør Sahal Hirsi.

I ein by med knappe 5000 innbyggjarar blir aldri passasjergrunnlaget det heilt store. Men det ser ut til bussen nå har blitt aktuell som transportmiddel for vesentleg fleire enn før.

– Me ser folk me aldri har sett på vanleg buss før. Det er heilt klart fleire passasjerar, seier sjåførkollega Andries Reitsma.

Les også om Henriette (18) som har framtidsplanane klare: – Eg drøymer om å kunne legge ut på lange turar bak rattet i ein Scania

– Det er veldig travelt

Plutseleg tikkar det inn ei bestilling frå Risvoll skule. Det betyr at éin av dei må hive seg i bilen. Frå ei responstid på to timar innleiingsvis, er nå målet å vere på plass hjå kunden med eit slingringsmonn på berre 15 minutt.

– Det er veldig travelt. Alle synest det er veldig spennande at du kan bestille på nett og bli henta på døra, fortel Hirsi.

Sahal Hirsi er ein av sjåførane som henter deg på døra med «Hentmeg»-bussen. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Avanserte algoritmar sørger for at bestillingar frå ulike stader på same tid blir sett saman til éi rute. Men det er ikkje alt som går knirkefritt i det nye systemet:

– Du kan vere på veg ein stad, men så gir appen deg beskjed om at du plutseleg må snu for å plukka opp nokon først. Det er ein del problem med å kombinere dei ulike rutene, forklarer Reitsma.

Alle synest det er veldig spennande at du kan bestille på nett og bli henta på døra.

Også karta har vore ei utfordring. Ikkje alle adressane som dei får bestilling frå ligg inne i dei digitale karta som sjåfør-appen baserer seg på.

– Nå må ein dessutan ringe inn for å bestille, ettersom nettsida ikkje fungerer som den skal. Det skjer ganske ofte, legg han til.

Les også: Jobben deira vil bli å ta jobben frå andre

Stor pågang frå ungdom

Heilt konkret fungerer systemet ved at ein fører inn kvar ein er og kvar ein vil, samt kva tid ein vil bli henta. Bussjåføren får deretter opp køyreruta på Ipad-en sin.

– Kva kostar det å få henting på døra?

– Ungdom kan køyre gratis med ungdomskort. For vaksne er prisen 37 kroner, fortel Hirsi.

– Kan ein bestille «Hentmeg» når som helst?

– Me startar 09:00 om morgonen, etter å ha køyrt skuleruta. Så varar det fram til 13:45, før me må ta ny pause for å køyre skulebussen. Frå 16:30 av kan ein bestille igjen, heilt fram til 20:00 om kvelden.

Sauda kommune er fornøgde med passasjerveksten, og ønsker å utvide sonane bussen kan køyre til. Spesielt mellom 13 og 14 er det stor pågang, og mange elevar som vil heim.

– Kven er det som nyttar seg av ordninga?

– Det er alt mogleg. Ungdommar som skal heim frå skulen. Og eldre som set pris på å ikkje måtte gå til haldeplassen, forklarar sjåføren.

Les også: Korleis er det å vere 18 i 2018?

Japansk interesse

Så mykje kapasitet tar elevane at det er vurdert om ungdomskort ikkje lenger skal gjelda på føremiddagane.

Ordninga har dessutan vekka stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt etter oppstarten 1. juli i fjor. Blant anna ein japansk delegasjon har vore innom for å høyre meir om prosjektet.

– Trur dokker dette er framtida for busstransport?

– Eg veit ikkje så mykje om framtida. Men «Hentmeg» blir nå i alle fall verande, spår Reitsma.

– Det er eit godt system. Alle likar det, legg kollega Hirsi til.

Er sjølvstyrande bilar framtida? I så fall, kven må døy?