Den nye Spire-leiaren vert stadig litt forbanna

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Spire er den tydelegaste stemma som ser klima, natur, utvikling, like rettar og økonomi i samanheng, skriv Julie Christina Rødje til Framtida på e-post.

26-åringen frå Haugesund vart vald til ny leiar i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire etter helgas stormøte.

Rødje har ei mastergrad i samfunnsgeografi og sit i samstemtheitsforumet til regjeringa. Ho kjem frå vervet som nestleiar i Spire og har tidlegare vore kampanjeleiar i organisasjonen ho no skal leia dei to neste åra.

Ho tek over etter Hege Skarrud, som vert ny leiar i Attac Norge.

Trur ikkje på evig vekst

I tida framover vil Spire jobbe med å skape berekraftige og rettferdige matsystem, mot sentrum-periferi dimensjonen, mot maktkonsentrasjon og for klimatiltak, som ikkje råkar urettferdig.

Rødje peikar på korleis vi for tida står overfor altfor mange forsterkande krisar på ein gong. Ho meiner dagens økonomiske system på mange måtar har skapt dei utfordringane vi no står overfor.

– For å få til ei reell berekraftig utvikling og rettferdig fordeling, kan vi ikkje belaga oss på løysingar som grøn vekst og ein evig optimisme for teknologiske løysingar. Vi må forbruke mindre, men leve meir, slår ho fast, og legg til:

– Slik skapar vi eit samfunn som set menneske, velferd og natur i sentrum både i dag og i framtida.

Rettferd og klima

26-åringen starta sitt politiske engasjement i Operasjon Dagsverk og har seinare vore tilsett i Natur og Ungdom.

For Rødje er kampen mot urettferd den store hjartesaka:

– Etter kvart kom engasjementet for klimakrisa då dette på mange måtar var eit erkeeksempel på urettferd. Eg synest det er vanskeleg å nemne éi konkret sak, og vel difor å seie samstemt og heilskapleg politikk då ingenting gjer meg meir opprørt enn når nokon gir med ei hand, men tek minst like mykje tilbake med den andre.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg trur kombinasjonen av å bli litt forbanna gjennom å stadig lære meir om kor urettferdig dagens politiske og økonomiske strukturar er, samstundes som ein får jobbe med fantastiske menneske, sjå at det vi gjer nyttar og at vi faktisk kan endre dei same problema, gir stadig ny giv.

Miljø- og bistandsorganisasjonen Spire peikar på korleis grøn overvekst ikkje kjem verdas fattige til gode. Illustrasjon: Spire

Reell ungdomsmedverknad

– Korleis kan ein sikra at barn og unge vert høyrde?

– Barn og unge skal arve jorda og samfunnet som i dag vert bygd. Samstundes skal ikkje unge bli reduserte til morgondagens vaksne. Unge sit på enormt mykje kunnskap, erfaringar, idèar og løysingar som vi er avhengige av for å skape eit betre samfunn, svarar ho, og utdjupar:

– Ungdomsmedverknad må ikkje bli redusert til eit punkt på ei sjekkliste, men det må anerkjennast at barn og unge er like forskjellige som vaksne. Ungdom skal difor ikkje berre bli høyrt, men bli anerkjent som samfunnsaktørar på like linje med resten av befolkninga, og delta i debattar og forhandlingar.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn der alle menneske har like rettar uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, religion, seksuell legning, funksjonsevne, økonomi eller maktposisjon. Eit samfunn som set naturen og menneske si velferd, tryggleik og samhald i sentrum. Og kor vi handlar i solidaritet med medmenneske både på tvers av jorda og for komande generasjonar, og kor vi berre har litt betre tid til å ta vare på kvarandre og omgjevnadane våre.

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie meiner krisa me no står oppi viser kor oljeavhengig norsk økonomi faktisk er. Foto: Thor Due, Natur og Ungdom

Julie Christina Rødje

Frå: Haugesund, men bur på Grønland i Oslo
Alder: 26 år
Yrke/utdanning: Har ei mastergrad i Samfunnsgeografi

Favorittfag på skulen: Det var faktisk matte på både barne- og ungdomsskulen, men så opna eg augo for samfunnet rundt meg og samfunnsfag blei raskt ein favoritt. Geografilæraren min prøvde å overtala meg til å velje samfunnsgeografi som valfag, utan at eg høyrde på han.

Ulike verv: Ungdomsrepresentant i regjeringa sitt samstemthetsforum, styret til ForUM og vara i Foreningen grunnloven §112. Er også styremedlem i Terrapi som er ei velforeining for uteksaminerte samfunnsgeografar.

Medlem i: Det har blitt ganske mange medlemskap i forskjellige politiske organisasjonar opp gjennom årene. Trur nok eg har mista litt oversikt. Og så er eg medlem i fagforeining då, og har nyleg blitt med i ein bokklubb med nokre vener.

Kva gjer du i fritida/hobby: Eigentleg elskar eg å gå på ulike arrangement og finne på ting med vener. No er jo det litt vanskeleg i disse tider, så prøvar å få gått ein del tur – har lyst å ta ein hengekøyetur i marka i påska. Elles får eg lese litt, sett litt seriar og planta til våren. Også likar eg små prosjekt som plutselig dukkar opp, til dømes perla eg eit verdskart men vener.