«Vi finst, sjølv om KrF prøvar å utdefinere oss frå samfunnet»

Karoline Skarstein
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg gjekk på barne- og ungdomsskulen (1999-2009) var det ingen lærarar som snakka om kjønn og seksualitetsmangfald.

Frå AIDS-skremsel til mangfald

Joda, homoseksualitet hadde sitt lille avsnitt i seksualundervisninga og vi blei skremde med korleis homofile kunne få AIDS og døy om dei hadde sex, men det var stort sett det. Eg var likevel trans, eg følte meg likevel som ei av jentene, sjølv om ingen snakka om det.

I dag er det heldigvis annleis. Vi kan nok ikkje slå oss på brystet og seie at vi er i mål og no er kunnskapsformidlinga kjempegod, men den er betre. Mangfald har ein større plass, homofili er ikkje lenger berre ei bi-setning og det vert stilt andre krav til at skulen skal vere ein stad som tek ALLE elevar på alvor.

Ting går eigentlig framover, men det vil Kristelig Folkeparti (KrF) gjere noko med.

«Den biologiske kjønnsforståelsen»

Til helga skal KrF vedta «ny» politikk, og partiets stortingsgruppe har kome med forslag til korleis partiet kan skru klokka minst 20 år tilbake.

Der vert mellom anna føreslått å innføre ei aldersgrense for kjønnskorrigerande behandling på 18 år. Ekspertane åtvarar, men det bryr ikkje KRF seg særleg om. Dei går i tillegg lenger, og vil hindre at skeive organisasjonar får besøke skular, og samtidig sikre at den «biologiske kjønnsforståelsen» blir løfta.

Det er jo fristande å gå rett til ein evig debatt om skulegudstenester. For der argumenterer KrF nettopp med at det er viktig at barn lærer av kristne, om kristendom. At barn opplever kristne seremoniar og så bortetter. Og eg er heilt einig. Men kvifor er det så viktig at skeive då IKKJE får snakke med barn og unge om det å vere skeiv?

KrF verkar å gå for sensur

I eit intervju med den kristne avisa Dagen, forklarar stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan at det er «skapt stor usikkerhet og forvirring hos både barn og foreldre». Om ein er forvirra og usikker, ville eg tenkt at svaret var meir fokus på betre kunnskapsformidling, medan KrF verkar å gå for sensur.

Grøvan slår i intervjuet også alarm om foreningen FRI, og det han kallar «sterke krefter som ønsker å endre synet på kjønn og seksualitet».

Eg er veldig glad for at det ikkje er kyrkja som dikterer seksualundervisninga i skulen

For å vere ærleg, ja, eg er veldig glad for at det ikkje er kyrkja som dikterer seksualundervisninga i skulen. Det er til det beste for absolutt alle. Det er ikkje det same som at ein ikkje også bør lære om kristne sitt syn på seksualitet, det bør ein. Og det er heller ikkje slik, som enkelte verkar å tru, at det er organisasjonar som FRI som lagar læreplanar. Dei dikterer ikkje undervisninga på desse områda.

Kven skal bestemme?

KrF meiner rett nok at det skal undervisast om identitet, men at dette skal gjerast av lærarane, utan innblanding fra organisasjonar. Som høyrest greitt nok ut, men kven skal undervise lærarane, og ikkje minst, kven skal bestemme kva lærarane skal få lov å lære?

Bør det til ei kvar tid vere opp til eit politisk fleirtal om barn og unge skal få lære om skeive eller ikkje?

I dag får FRI si kunnskapsformidling, Rosa kompetanse, midlar frå regjeringa til å besøke tilsette på skular, i barnehagar, i politiet, i helsevesenet og studenter i høgare utdanning. Eit tiltak KrF under Knut Arild Hareide var ein varm tilhengar av. Men KrF har gjort heilomvending og seier til avisen Dagen at barn no må verte verna mot det dei kallar «radikal kjønnsideologi».

Rosa kompetanse i barnehagen

Eg har vore på fleire av desse Rosa Kompetanse-kursa innan skule, sosialteneste, barnehage og helsevesen.

For eksempel føreslår Rosa kompetanse barnehage at ein i barnehagen ikkje berre snakkar om at barn har mor og far, men at nokre barn også kan ha berre ein forelder, eller to fedrar og så bortetter. Er det verkeleg så skummelt og forvirrande? Eller skal vi liksom late som at Tobias sine to fedrar ikkje finst?

FRI er i liten grad i direkte-kontakt med barn og unge. Då vert gjerne aktive i Skeiv Ungdom eller andre invitert.

Vil barn verkeleg sjå meg fortelje om angst og einsemd og tenkje at «Oj… sånn har eg lyst til å bli også, det høyrest gøy ut!»

Eg har sjølv besøkt klassar og fortalt om min eigen veg ut av skåpet. Er eg då ein del av desse mørke kreftene? Vil barn verkeleg sjå meg fortelje om angst og einsemd og tenkje at «Oj… sånn har eg lyst til å bli også, det høyrest gøy ut!»?

Kvar gong eg står der, så har eg i bakhovudet at det sannsynlegvis, statistisk sett, er ein eller to i den klassen som kjenner seg att. Og som forhåpentlegvis vil føle seg litt tryggare på å kunna vere opne med medelevar etter at eg dreg.

Eg blir skikkeleg lei meg og frustrert over at dette liksom skal vere skummelt. For vi finst, sjølv om KrF prøvar å utdefinere oss frå samfunnet.

Eit skummelt symptom

Det er lett å humre av antikvariske fordommar. Det er mykje som tydar på at KrF også er i ferd med å utradere seg sjølv, deira liste med forslag er nok ikkje åleine så farleg.

Retorikken er likevel eit skummelt symptom på noko vi ser i store delar av verda: Konservative krefter som aktivt spreier skremsel om ei rørsle som liksom forvirrar, lurer og «gjer» barn og unge skeive.

KrF sitt slagord er «Eit samfunn med plass til alle», men det følest ikkje som at eg eller andre skeive har noko plass i det samfunnet!


Har du noko på hjartet? Skriv inn til: tips @ framtida.no!


Karoline Skarstein (28). Foto: Renate Wiik