«Ungdommar blir trekte inn i høgreekstreme nettverk på sosiale medium»
– Viss sinnet er sterkare enn moralen kan du få den mest omsorgsfulle personen til å gjere dei verste handlingane ein kan gjere, skriv Marius Skovbo Andreassen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Dei siste åra har vi sett ein stadig auke i unge som lener seg til ytre-høgresida. Ungdommar blir trekte inn i høgreekstreme nettverk på sosiale medium og chattegrupper som Discord, Twitter (X), og Snapchat der det skal ha vore planlagt vald og terrorangrep, og det blir dyrka høgreekstreme haldningar.
I ein temarapport frå PST, kunngjer dei at høgreekstrem aktivisme på nettet er ein viktig arena for dei høgreekstreme miljøa. Det kan bidra til ein dobbeltsidig effekt der det kan vere eit utløp for sinne og meiningar, og minske risikoen for politisk motivert vald.
Men det kan også auke risikoen for politisk motivert vald, med ei større tilgjengelegheit og inspirasjonseffekt.
PST definerer to former for høgreekstremisme: Nynazisme (som fokuserer på eitt biologisk hierarki og raseteori). Den andre forma er islamfiendtlege eller innvandringsfiendtlege høgreekstremistar, som baserer seg på kulturen over éin spesifikk «raseteori».
Fritt fram på Facebook
Høgreekstreme meiningar på sosiale medium er ikkje ein ny ting, og i fleire år har eg opplevd at Facebook har vore eit godt døme på nettopp dette. Der blir det spreidd og delt straffbare rasistiske og høgreekstreme meiningar så å seie utan konsekvensar.
Dette tillèt ei oppbrygging av ytre høgre og høgreekstremt hat, som til dømes rasisme, kvinnehat, antisemittisme og homofobi. Det blir delt rasistiske kommentarar, innlegg der prideflagg blir brent på video, Facebook-grupper for høgreekstreme grupper, som DNM (den Nordiske Motstandsbevegelsen), Alliansen, og SIAN. Derimot tørr ikkje desse høgreekstremistiske grupperingane å vise seg offentleg og forheld seg til lukka og krypterte chattegrupper. Å bli innblanda i ei sånn gruppering er lett for unge menn og ungdommar, som opplever ei form for utanforskap eller einsemd.
Større på nett enn fysisk
I eit innlegg i Universitas skriv August Søreide om korleis han lett kom inn i eitt høgreekstremt miljø med ein enkel Youtube-video mot feminisme. Han forklarer at det opnar ei dør til den ytre høgresida. Dessverre er dette ein realitet i dagens samfunn der algoritmen i sosiale medium vel ut kva meiningar du skal sjå og høyre mest av. Algoritmane prioriterer å vise det som skaper mest engasjement, uavhengig av om det engasjementet er positivt eller ikkje. På denne måten kan ein seie at sosiale medium bryggjar raseri og polarisering. Dette medverkar direkte til ei auka mengde høgreekstreme meiningar i dagens ungdomskultur.
Høgreekstremisme speler på sinne, og klarer å manipulere sinnet til høgreekstremistar, fordi viss sinnet er sterkare enn moralen kan du få den mest omsorgsfulle personen til å gjere dei verste handlingane ein kan gjere.
Søndag 12. oktober heldt det høgreekstreme ekteparet Anneli og Ronny Rønning, som står bak Alternativ Media ein aksjon utanfor Stortinget. Det var totalt åtte høgreekstreme deltakarar, mellom anna straffedømde antisemittiske Hans Lysglimt Johansen (Alliansen) i aksjonen ved Stortinget. Aksjonen vart direktestrøymd på nettet frå den høgreekstreme sida. Det var totalt åtte deltakarar på demonstrasjonen, men fleire tilskodarar på nett.
Dette viser at dei høgreekstreme ikkje tørr å vise seg offentleg, men heller spreier ytringane sine på nettet.
Meir høgreorientert ungdom?
I skulevalkampen tidlegare i år har også påverknaden av ytre høgre meiningar vist seg. FRP vann sterkt valkampen regionalt med heile 26 prosent av stemmene. Det er ein auke med 12,1 prosent på nærast to år. Men så gjeld det store spørsmålet, meiner dei unge som stemde på FRP faktisk det dei står for, eller er dei berre påverka av den ytre høgre trenden som går føre seg i dag?
For meg er svaret klart. Unge (særs) gutar blir påverka av nærværet til ytre-høgre i sosiale medium. Når ein høyrer og les den same bodskapen om og om igjen blir lett ei ekstrem og sterk meining forma, utan røter i statistikk og fakta.
Eit mykje meir alvorleg døme på korleis høgreekstremisme på nettet kan påverke folk i dag er drapet på Tamima. Ein 18 år gammal gut drap Tamima i hat, nettopp fordi ho hadde eit etnisk opphav utanfor Europa. I avhøyr har gjerningsmannen komme med høgreekstreme meiningar, og han er no sikta for terror.
Høgreekstremisme er gift for samfunnet. Vi i Sosialistisk Ungdom, vil forby høgreekstreme grupperingar og styrkje innsatsen mot sosial utestenging og einsemd. Er det éin ting som er sikkert, er det at utestenging skaper utryggleik, hat, og sinne. Ingen fortener å kjenne seg einsam, og I alle fall ikkje i eitt av dei rikaste landa i verda!







