«Eg var livredd for å bli oppdaga. Eg prøvde å spele gut»

Karoline Skarstein
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg var tenåring brukte eg mesteparten av lommepengane mine på billig sminke og kjolar frå tilbodshengarane på H&M.

Eg hadde innøvde frasar eg kunne bruka i kassa for ikkje å vekkje mistanke. Som at: «No håpar eg ho blir glad for gåva si».

Sprengde det einsame rommet

Eg var livredd for å bli oppdaga. Eg prøvde å spele gut, prøvde å leve opp til alt eg følte verda rundt meg, kompisar, familie og andre forventa av meg.

Det føltest så innmari einsamt, som om eg var den einaste i heile verda som kunne føla noko så absurd som at eg eigentleg skulle vore eit anna kjønn.

Den einsemda mi blei broten då NRK i 2013 publiserte mini-dokumentaren «Mann uten penis», om den gong 26 år gamle Luca Dalen Espeseth som var transmann. Han verkeleg sprengde det vesle einsame rommet mitt. Og kanskje for første gong i heile mitt liv kjende eg at det her er ok, det er lov å vere annleis. Og det er verd å stå opp for seg sjølv og kven ein er.

Ein dag kor vi løftar mangfaldet

Det har vore tøft. Det har teke tid, alt for lang tid. Men i dag føler eg meg heldig. Heldig som har vener som har vore opne for å bli kjent med kven eg verkeleg er. Vener som står saman med meg. Heldig som opplever at folk vil snakka med meg om kjønn og identitet, som opplever at mennesker rundt meg vil lære, vil forstå.

Vi finst i klasserom, på arbeidsplassar, i nabolag og i både bygder og byar over alt

Men det er ikkje absurd, tvert i mot. Vi er veldig mange. Og nettopp difor markerer vi i dag, 31. mars, Den Internasjonale Transsynlegheitsdagen. Ein dag kor vi løftar mangfaldet. Kor vi viser at vi finst, og at vi ikkje berre er ein idé nokon snakkar om i avisene. Vi finst i klasserom, på arbeidsplassar, i nabolag og i både bygder og byar over alt.

Stadig opplever eg at både lærarar og andre frå barndommen tek kontakt. Lærarar som fortel at dei så inderleg skulle ønskje at dei hadde meir kunnskap om problematikken den gong. Men som samstundes kan fortelje at dei heldigvis har eit heilt anna fokus på mangfald i dag.

Ein høg terskel

Og det dreier seg ikkje berre om transpersonar heller.

Det dreier seg om oss alle, og fridomen til å kunne forme våre eigne liv mest mogleg til det beste for oss sjølv. Fridomen til å vere gut, jente eller noko anna slik ein sjølv føler er riktig.

Fridomen til å vere gut, jente eller noko anna slik ein sjølv føler er riktig

Men sjølv om ting går framover, sjølv om vi snakkar meir enn nokon gong om mangfald og transidentitet, så er det framleis ein enorm terskel for veldig mange å stå fram som noko anna enn det verda forventar av dei.

Og til deg: Synlegheit kan vere tøft. Du vil garantert møte menneske som vil ha negative haldningar til deg, men du vil også møte så enormt med kjærleik. Menneska som vil lytte, som vil forstå, og som vil at du skal få leve det beste livet du kan leve.

Hjelp på vegen

For meg var Luca det første møtet med nokon som følte det same som meg. Og han er der framleis, han reiser land og strand rundt og snakkar om trans og kjønnsmangfald. I håp om at det skal bli endå lettare å stå fram.

I dag finst det i tillegg spesialiserte helsestasjonar, samtalegrupper, telefontenester og mange andre ressursar som kan gje råd, trøyst og rettleiing til dei som måtte trenge litt hjelp på vegen ut i verda. Det er skummelt, men tru meg, det er veldig verd det.

Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no!


Student Karoline Skarstein meiner NRK Innafor manglar eit viktig perspektiv i episoden om seksuelle overgrep. Foto: Renate Wiik