Knut Arild Hareide blir no hylla av norsk homorørsle.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Det er tydeleg at Hareide har andre haldningar til homofili enn leiarane før han, seier Bård Nylund, leiar for Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar til Bergens Tidende.

Dei gler seg over at KrF i sitt alternative statsbudsjett lovar to millionar kroner til LLHs prosjekt, Rosa kompetanse, eit undervisningsprosjekt om homofili i skule og barnehage.

– Det er svært positivt at dei no trekkjer fram Rosa. Det har skjedd ei positiv utvikling i det partiet, seier Ingvild Endestad, kommunikasjonsrådgivar i LLH.

Kontrastane i KrF er store samanlikna med landsmøtet i 2009. I ein debatt om den nye ekteskapslova den gong uttalte KrF-politikarar at lova var eit hån, trakassering og latterleggjering av Guds skaparordning, ein «tragedie for landet» og «naturstridig».

Ordbruken gjorde at Knut Arild Hareide valde å gå ut mot sine eigne partifellar.

– Eg blir djupt skuffa over at delegatar på vårt landsmøte bruker vår talarstol til å seie at homofilt samliv er unaturleg, og at det er hån mot skaparverket. Det er ikkje KrFs syn, skreiv han i eit innlegg på nettsidene til KrF.

Men i Hareides heimefylke er tonen ein annan. Fylkesleiar Pål Kårbø (KrF) meiner den homoliberale linja til partileiinga svekkjer partiet.

– For ein god del blir det opplevd som om vi endrar syn. Det blir opplevd som at vi er i fri flyt, seier Kårbø, som blir førstekandidat for partiet ved fylkesvalet i Hordaland neste haust. (©NPK)

LES OGSÅ: KrFU-leiar opnar for homofilt ekteskap

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE