Identitet

«Kristne stemmer som alle andre»

– At ein kristen ikkje stemmer KrF er like sjokkerande som at vi har ein statsminister som er mangemillionær og arbeidarpartimann, skriv Jonas Ek i sitt motsvar til Haugset i Grøn Ungdom.

Jonas Ek (21)
Sentralstyremedlem KrFU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Meiningsinnlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.

At ein kristen ikkje stemmer KrF er like sjokkerande som at vi har ein statsminister som er mangemillionær og arbeidarpartimann. Premissen for debattinnlegget til Jakob Sande Haugset blir difor heilt feil.

Kristne stemmer som alle andre menneske på det partiet dei er mest samde med.

Vestlege verdiar

Grunnen til at eg stemmer KrF er at dei byggjer politikken sin på dei verdiane den vestlege verda er bygd på. Det er gode, og ja, også bibelske verdiar, som står fast og ikkje endrar seg med tida.

Ikkje alle i Vesten har vore kristne, men vi har henta verdiane frå ein stad.

Barnet i mors mager er eit liv

Nestekjærleiken, som er ein av desse verdiane, forpliktar oss til å balansere debattar og sjå alle sidene ved alle debattar. Alle menneske skal nemleg behandlast med nestekjærleik.

Abortdebatten blir fordumma når vi snevrar han inn til å berre handle om sjølvråderetten til kvinna. Barnet i mors mage er eit liv frå unnfanginga av og må difor behandlast med nestekjærleik.

MDGs støtte til den radikale utvidinga av abortgrensa var samtidig eit like radikalt åtak på rettsvernet til fosteret. Nestekjærleiken forpliktar oss til å bry oss om barnet, samtidig som ein må ta vare på kvinnene som ofte står i utruleg vanskelege situasjonar.

Biologien skal ligge til grunn

Ei anna relevant problemstilling som debattanten løftar fram, er kva behandling som skal gjevast til unge transpersonar. Det debattanten ikkje seier noko om, er korleis dei meiner ein møter desse menneska med nestekjærleik.

For KrF er det derimot viktig å stille krav til den behandlinga vi gjev og følgje tilrådingar frå fagpersonar. Det same gjeld for eit tredje kjønn. Det å seie at biologien skal liggje til grunn for vår forståing av kjønn gjev tryggleik for barn og ungdom.

Nestekjærleiken forpliktar oss til å setje grenser

Det er fleire døme i politikken der nestekjærleiken forpliktar oss til å setje grenser som er til det beste for folk. Det å vere for fartsgrenser på vegane, ville forby reklame retta mot barn og seie nei til legalisering av narkotika er nokre døme.

Å meine dette tyder ikkje at ein hatar rånarar, marknadsførarar eller ungdommar som likar å ta ein joint på fest.

Verdiar som har vore testa

Debattanten antydar at KrF byggjer politikken sin på religion og seier at sitt eige parti byggjer politikken på det samfunnet vi faktisk lever i no.

Det er to problem med det, og det eine er at det første er feil. Det andre er at viss ein berre byggjer politikken på det samfunnet vi faktisk lever i no, så forkastar ein dei verdiane som vi har bygd landet på.

Verdiar som har vorte testa og som vil verke i møte med nye utfordringar.

Vil jobbe for klima

Dei verdiane låg også til grunn då KrF valde å gå inn i regjering, noko som hadde positive konsekvensar for klima. Vi fekk gjennomslag for fleire tiltak som kutta utslepp i Noreg samtidig som vi kutta utslepp i utlandet gjennom Norfund (Klimainvesteringsfondet).

Viss det blir borgarleg valsiger, vil KrF igjen brette opp ermene i regjering og jobbe for klima.

Nettopp fordi vi byggjer politikken vår på kristne verdiar.