«Kva med funksjonshemma sine rettar etter fødselen, KrF?»

Tamarin Varner
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget stod først publisert hjå Handikapnytt, og er sett om til nynorsk og gjengjeve med løyve frå forfattaren. 

Då Kristeleg Folkeparti i går tapte den omstridde bioteknologisaka, viste det ein paradoksal brist ved det kristendemokratiske regjeringspartiet.

Dei seier at dei ønsker likestilling for foster med funksjonsnedsetjingar.

Men kva med likestilling for funksjonshemma etter at dei er fødde?

KrF seier at dei kjempar imot sorteringssamfunnet.

Partiet ønsker eit samfunn der det er plass til alle, heilt uavhengig av eigenskapar.

Difor meiner dei at tidleg testing av fosteret ikkje skal verte tilbydd alle gravide kvinner. Finn kvinner ut av at dei ber på eit foster med ei potensiell funksjonsnedsetjing, kan det føre til fleire abortar.

KrF viser til at i Danmark vert ni av ti foster med Downs syndrom aborterte.

KrF si uro om eit storteringssamfunn er ei uro eg deler, utan at eg vil gå inn på dei konkrete sakene der fleirtalet på Stortinget i går påførte KrF eit stort nederlang.

KrF sitt paradoks oppstår etter at barnet vert fødd. Diskrimineringa mot funksjonshemma lever i beste velgåande. Foreldre slit seg ut i møte med systemet som skal hjelpe dei. Barn får ikkje gå på skulen saman med nabobarna.

Diskrimineringa mot funksjonshemma lever i beste velgåande

Anten møter vi trapper og manglande tilrettelegging, eller så vert vi ikkje møtte med utfordringar, krav og forventningar som gjer at vi veks som menneske.

Vi vert frårådde å velje fagleg utfordrande studieretningar på vidaregåande, sjølv om ingenting tilseier at vi ikkje skulle klare det.

Vi får ikkje studere jus på Universitetet i Oslo, fordi universitetet ikkje finn estetisk velbehag i elekstriske døropnarar.

Vi får ikkje ta toget. Vi får ikkje reise ut av kommunen med BPA-assistenten – som du er avhengig av avisoppslag for å få tilstrekkeleg timar med.

Vi vert spytta på og ropt etter.

Kvifor krev ikkje KrF full stortingssal for å gjere noko med dette?

KrF krev at fleire av oss funksjonshemma vert fødde. Men korleis vi har det etter fødselen, frå vogge til grav, er mindre viktig.

KrF er sjølvsagt ikkje dårlegare enn mange andre parti. Det som gjer dette så underleg er at KrF er det partiet som vil halde funksjonshemma si fane aller høgast.

På den andre sida står til dømes SV, som saman med Ap og Frp i går fekk fleirtal for fleire endringar i bioteknologilova. Endringane kan potensielt føre til at færre barn med funksjonsnedsetjingar vert fødde. Men SV har vist større engasjement enn KrF for å styrke likestillinga for funksjonshemma som faktisk har vorte fødde.

Eit godt døme på dette er spørsmålet om inkorporering av funksjonshemmakonvensjonen (CRPD) i norsk lov. Heile to gongar har dei bringa spørsmålet til Stortinget, både i fjor og i år. KrF var ein del av det overveldande fleirtalet som stemte det ned.

Dersom KrF ønsker truverde for likestillinga til funksjonshemma, må dei løfte fana like høgt for fødde liv som for dei ufødde. Å seie ja til å gjere funksjonshemmakonvensjonen til norsk lov er ein god stad å byrje.


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!