Dette er dei mest populære studia

Kvar tiande student valde i fjor å melde seg på treårig bachelorutdanning i økonomi og administrative fag – det mest populære studiet i 2020.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 11.04.2021 19:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med ein studentdel på 10 prosent var treårige bachelorutdanningar i økonomiske og administrative fag det mest populære studiet i Noreg i fjor – både blant menn og kvinner, med ein del på høvesvis 13 og 8 prosent, ifølgje nye tal frå den årlege statistikken Studentar i høgare utdanning.

Økonomiske og administrative fag har òg den mest kjønnsbalanserte studentmassen. Her er 52 prosent menn og 48 prosent kvinner.

På andre- og tredjeplass finn vi bachelorutdanningar i samfunnsfag og juridiske fag og sjukepleie – begge med studentdelar på meir enn 5 prosent, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Variasjonar med kjønn

Blant mannlege studentar ligg bachelor i ingeniørfag og bachelor i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag på andre- og tredjeplass. Høvesvis 8 og 7 prosent av dei mannlege norske studentane går på desse studia.

Dei nest mest populære studia for kvinner er bachelorutdanningar i sjukepleie og samfunnsfag og juridiske fag. Nærare 8 prosent av kvinnelege studentar tek ein bachelor i sjukepleie.

Blant studentane som tek bachelor i sjukepleie finn vi 86 prosent kvinner og 14 prosent menn. Fordelinga er omvendt blant studentar som tek bachelorutdanningar i ingeniørfag, med ein kvinnedel på berre 20 prosent.

Ny rekord

Samtidig vart det sett rekord i talet på personar som tek høgare utdanning i fjor med 306.400, heile 10.200 fleire enn i 2019. Det er første gong det er registrert meir enn 300.000 norske studentar.

Rundt 40 prosent av dei er menn og 60 prosent kvinner. 96 prosent av studentane var registrerte ved eit universitet eller ein høgskule i Noreg, medan resterande 4 prosent var studentar i utlandet.

68 prosent av studentane i Noreg var i gang med ei universitets- eller høgskuleutdanning på lågare nivå. Bachelorutdanningar er dermed mest vanleg, men stadig fleire tek utdanning på høgare nivå. Medan det i 2015 gjaldt 24 prosent av studentane, har delen auka til 32 prosent i 2020.


Tomine Berge skriv om pauseåret som ikkje blei som planlagt. Foto: privat