Yrket mitt: Ida (28) er bioingeniør

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Veldig mange trur at bioingeniørar berre tek blodprøvar heile dagen og kallar oss ting som stikkedama, vampyr, labdama osb.

Bioingeniør Ida Folvik Adem (28) kan stadfesta at dette slett ikkje er tilfelle.

– Blodprøvar er berre ein del av det vi driv med og vi er flinke på å seie ifrå når nokon kjem med slike merknadar, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

– Visste ikkje kva ein bioingeniør var

Bioingeniør er ein beskytta tittel, som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet. For å verte bioingeniør må ein ta ei bachelorgrad, der ein gjerne må ha minst R1 matematikk og biologi, fysikk eller kjemi frå vidaregåande.

For Adem var yrkesvalet ganske tilfeldig.

– Eg visste ikkje kva ein bioingeniør var før eg byrja på studiet. Eg søkte på nettet etter fag som interesserte meg og bioingeniørutdanninga haka av på dei fleste boksane eg var på utkikk etter.

Praksisnær utdanning

Allereie første veka på studiet fann sørtrønderen ut at ho hadde funne draumeyrket.

– Bioingeniørutdanninga har en perfekt balanse mellom teori, lab og praksis, skriv Adem, som meiner utdanninga inneheld alt ein treng for å bli bioingeniør.

Under utdanninga vert teori kombinert med praktisk arbeid på lab omlag tre dagar i veka.

I tillegg har ein praksis på ulike laboratorium i ulike fag på sjukehus kvart år.

– Under desse praksisperiodane jobbar ein som bioingeniør på sjukehuset og får sett med eigne auge kva yrket går ut på. Dette gjer at ein allereie føler seg trygg i jobben før ein er ferdig utdanna.

Illustrasjonsfoto av ein bioingeniør vedOslo universitetssykehus Ullevål som testar prøvar for korona antistoffer. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Blodprøvar og koronatestar

28-åringen jobbar til dagleg som bioingeniør ved Martina Hansens hospital i Bærum.

Her startar arbeidsdagen vanlegvis med ein morgonrunde for å ta blodprøvar av innlagde pasientar. Deretter fordeler bioingeniørane seg på dei ulike «postane» på laben.

– Det kan vere blodbank med blodtyping og screening og oppsett av blodposar, køyring av serumprøvar på eigen maskin (klinisk kjemi), køyring av hematologi på eigen maskin, urin med eventuell mikroskopering eller blodprøvetaking, forklarar Adem.

Bioingeniørane skal også godkjenne prøvesvara før dei vert sende til rekvirerande lege.

– Vi rullerer frå dag til dag og veke til veke. I tillegg dukkar det alltid opp spanande og rare ting i løpet av dagen. I desse dagar tek vi også koronaprøvar av tilsette eller pasientar på sjukehuset.

Pasienten bak barkoden

Det aller beste med jobben tykkjer Andem er det at ein følgjer pasienten og prøven frå første stikk (blodprøven), via preanalyse og førebuing til køyring, sjølve køyringa av prøven + vedlikehald og kontrollkøyring på maskin, til godkjenning av svar.

– Dette gjer at vi har ei unik evne til å sjå pasienten bak nummeret som blir gitt på barkoden. Det er ein fin balanse mellom pasientnær kontakt og bruk av teori og kunnskap inne på sjølve laboratoriet.

– Kva er det mest utfordrande?

– Som i veldig mange andre yrke kan det vere utfordrande å samhandle med andre menneske, både pasientar og kollegaar til tider. Når det gjeld sjølve yrket har eg ikkje vore borti nokre utfordringar endå.

Illustrasjonsfoto av ein bioingeniør som testar prøver for SARS-CoV-2 med analysemaskinen Cobas 6800 på klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus Ullevål. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Sjukehusreality

Adem meiner yrket passar veldig godt for dei som vil jobbe i helesektoren, men samstundes ha ein god teknisk og ingeniørfagleg bakgrunn.

– Helsedelen er blodprøvar og pasientkontakt, medan ingeniørdelen er det som skjer inne på laboratoriet. Det er ei herleg blanding. Det er absolutt eit yrke for dei som er flinke til å følgje rutinar og har stålkontroll på arbeidet sitt til ei kvar tid. Det er litt som å ha OCD (tvangslidingar, red.anm).

Adem har opplevd mindre hyggelege eller dramatiske ting, som får ho til å føla at ho lever i sjukehusserien Grey’s Anatomy, men det er likevel mykje av det positive som vert verande.

– Eg gløymer aldri fine ting som blir sagt til meg av pasientar. Har eg ein dårleg dag kan eg tenkje på ein kommentar eg fekk i 2017 og plutseleg føle meg veldig mykje betre. Ein kjem veldig tett inn på pasientane sjølv om vi berre er saman med dei ei kort stund, og eg synest det er vakkert kor mykje folk deler av seg sjølv når dei føler seg trygge. Det får meg til å føle meg viktig.

Ta realfag!

Adem er veldig interessert i true crime, og har helt sidan ho var liten drømt om å jobbe i Kripos.

– Som bioingeniør har ein mogelegheit til å jobbe på laboratoriet for å teste forskjellige bevis osb. Dette er noko som krev lang erfaring og kanskje ei etterutdanning, seier Adem, som òg har ein annan draum.

– Eg drøymer også om at alle i Noreg veit kva ein bioingeniør er slik at ein slepp å forklare det til folk fleire ganger om dagen.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Dersom ein vil bli bioingeniør er det veldig lurt å ta realfag på vidaregåande. Det er ulike krav om kva fag ein har for å kome inn på utdanninga. Eg hadde alle realfag frå vidaregåande, medan andre på studiet hadde brukt litt tid på å ta opp ekstra fag før dei kom inn.

At ingen dagar er like, gjer yrket enda meir spanande, og utfordrande, tykkjer sjukepleiar Ragnhild Prestbø (24). Foto: Privat

Ida Folvik Adem

  • Alder: 28
  • Frå: Orkdal, Sør-Trøndelag
  • Yrke: Bioingeniør
  • Utdanning: Bioingeniørutdanninga ved HiOA (no Oslomet)