Forskarar har funne genet som gjer at nokre kaninar går på framlabbane framfor å hoppa.
mm

– Om ein introduserte den same mutasjonen i menneske ville ein ikkje fjerna hopping, men det ville endra bevegelsane våre på ein annan måte, seier professor Leif Andersson til The Guardian.

Labbar framover

Saman med fleire andre forskarar har han klart å finna genmutasjonen som fører til at kaninrasen sauteur d’Alfort ikkje kan hoppa som andre kaninar.

Når denne spesielle tamrasen skal skunda seg tek dei heller framlabbane fatt og går framover på to bein.

Det særeigne trekket vart først observert i ei tam kanin nær Paris i 1935, men genet er ikkje dominerande og kan difor liggje skjult i generasjonar før det slår ut.

I tillegg til å gå på framlabbane fører genet til grå stær, noko som gjer kaninene blinde.

Kluss i bevegelsane

Leif Andersson ved Univeristetet i Uppsala og Miguel Carneiro ved Porto-universitetet i Portugal para to kaninar der den eine hoppa, medan den andre var av rasen sauteur d’Alfort.

Studium av dei 52 barnebarna til kaninane viste at kaninane som ikkje hoppa hadde ein mutasjon i eit gen som heiter RORB.

Denne mutasjonen laga ifølgje Forskning.no kluss i protein-produksjonen til ein type nerveceller i ryggmargen som vert kalla internevronar. Desse gjev igjen informasjon frå resten av kroppen til nervecellene som styrar musklane.

Mutasjonen fører til at kaninene strekker musklane sine for mykje. Framfor å hoppe skyter dei difor bakbeina i vêret.


Veren Double Diamond vart seld for rekordsummen 4,3 millionar kroner og skal brukast til avl. Foto: Catherine MacGregor/Texel Sheep Society

 

LES OGSÅ

ANNONSE