Katten Larry feirar 10 år ved makta

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Etter å ha vore 10 år i Downing Street nummer 10, vart eg spurt om planane mine for framtida. La meg vera tydeleg – denne katten kjem ikkje til å pensjonera seg. Eg planlegg allereie 20-årsjubileet mitt», skriv Larry the Cat på Twitter-kontoen sin.

Sidan 2011 er han blitt fast inventar i statsministerbustaden i Storbritannia. Der har han halde både David Cameron, Theresa May og Boris Johnson med selskap.

Sidan Larry er offentleg tilsett i Downing Street, er han ikkje eigd av statsministeren. Larry treng derfor ikkje å forlata bustaden ved regjeringsskifte.

Chief Mouser to the Cabinet Office

Faktisk er det slik at Larry også har ein offisiell tittel – Chief Mouser to the Cabinet Office, noko som kan omsetjast til sjefsmusejegaren til kabinettkontoret.

Ifølgje nettstaden til Downing Street, brukar Larry dagane til mellom anna å helsa på gjester og testa ut kva av dei antikke møblane som er best å sova på.

Skikken med at det bur ein katt i statsministerbustaden, har eksistert sidan Henrik den 8. levde på 1500-talet.

Før han fekk seg jobb i Downing Street 10 var Larry heimlaus, og han vart rekruttert til stillinga si frå Battersea Dogs & Cats Home.


Møt òg katten Chester, som var med å skriva ein fysikkrapport – og vart tilbydd ei professor-stilling.