Forskarar finn få bevis for helseeffektar av vinterbading

Ny forsking viser at det er vanskeleg å bevise helsemessige fordelar ved vinterbading.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ein gjennomgang av 11 tilfeldige studiar med totalt 3.177 deltakarar har undersøkt effektane av kaldt vatn på mellom anna stress, betennelse, livsglede, søvn og immunforsvar, skriv Forsking.no.

Studien fann nokre overraskande resultat:

– Det som verkeleg slo meg, var den betydelege betennelsesresponsen umiddelbart etter nedsenking i kaldt vatn, seier Tara Cain, forskingsassistent ved University of Southern Australia.

Forskarane observerte også ein reduksjon i stressnivået etter 12 timar, men ikkje på andre tidspunkt. Bo Belhage, overlege ved Bispebjerg Hospital i Danmark, er skeptisk til funna:

– Det at ein føler seg litt mindre stressa etter nøyaktig 12 timar, men ikkje på noko anna tidspunkt, seier ikkje mykje. Det er som om ein fiskar etter eit resultat å vise fram.

Belhage understrekar at sjølv om folk opplever positive effektar av vinterbading, er det vanskeleg å bevise at det er nettopp badinga som er årsaka. Han oppmodar likevel folk til å nyte badinga om vinteren.