Hjorten runkar med panna – og sju andre utrulege dyrefakta

Framtida
Publisert
Oppdatert 10.12.2020 11:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hjorten runkar med panna – og sju andre utrulege dyrefakta

Sjølv om Malin Hellebø framleis er student, har ho allereie jobba som forfattar i over to år, og no kome med si andre faktabok om dyr.

– Me menneske har jo ein munn som me brukar til diverse ting, og så har jo dyra munnar som dei brukar til andre ting enn menneska. Kanskje fangar dei andre dyr. Nokre dyr bæsjar med munnen: manetene. Og det er dyr med giftige munnar, som slangar eller edderkoppar. Det er jo ein måte å bli meir kjend med dyra, ved å ta ein kikk inn i gapet, seier Hellebø.

1. Tenner på tunga

Haien er kjend for å ha mange tenner, og det er ikkje uvanleg at dei brukar opp rundt 30.000 tenner i løpet av livet sitt. Eit anna dyr som ein kanskje ikkje skulle tru hadde så mange tenner, som har nesten like mange tenner som ein hai, er sniglane.

– Enkelte sniglar har opp til 20.000 tenner. Dei har ikkje tennene i kjeven slik som oss, for dei har ikkje ein kjeve, så dei har tennene sine på tunga.

Illustrasjonsfoto: Zdeněk Macháček/Unsplash

2. Ei ekstra leppe

– Beveren er jo gnage-ekspert, men han svømmer jo óg mykje i vatn, og då svømmer han med greiner og kvistar i munnen, fordi han skal byggje demning. Då kan ein tenkje seg, «Hm, får ikkje den beveren veldig masse vatn i munnen?».

Nei, fordi beveren har ei ekstra leppe bak tenna, slik at han kan lukke munnen med tenna utanpå!

Beveren har ei ekstra leppe som gjer det mogleg å symje med open munn. Foto: Per Harald Olsen/NTNU, CC BY SA 3.0-lisens

3. Utkledde blekkspruthannar

Den australske kjempeakkaren er ein blekksprut-type som ikkje er så stor. Hos kjempeakkarane er det vanleg at dei store hannane er dei som dominerer og får mest paring, men dei minste akkarhannane har eit triks på lager:

– Mange kjempeakkarhannar kan «kle seg ut», eller dei kan skifte farge på huda si. Under paringstida hender det at nokre hannar kler seg ut som damer, fordi dei har litt lysare farge på huda si. Så dei som er minst kler seg ut som damer for å få draget på andre damer.

4. Ruger med munnen

– Det finst jo mange dyr som legg egg, og når dei skal ruge på egga sine, slik som for eksempel høner og fuglar, så ligg dei jo og brukar rumpa si for å holde dei egga varme. Men så finst det ein fisketype som heiter Banggai Kardinal, og han er det vi kallar for ein munn-rugar. Han rugar ikkje egga ved å sitte på dei, men han puttar dei inn i munnen, og så sym han rundt med dei heilt til dei klekker.

Banggai kardinalfisk ruger egga sine i munnen. Foto: Jens Petersen, CC BY-SA 3.0-lisens

5. Kjærleiksproblem og søvnmangel

Når det er paringstid vil hjortebukken gjerne ha mange makar samstundes, helst fire-fem stykk. Dette skjer på hausten når hjortekollene og hjortebukkane er saman, og då må hjortebukken passe på alle damene sine, så dei ikkje stikk av og blir kjærast med andre hjortebukkar.

– Då kan det hende han blir så oppteken av det at han gløymer å sove og ete. Han søv jo litt då, men han får veldig mangel på dei to tinga.

6. Erogen sone i panna

– Hjortane har ei erogen sone i panna. Så når dei gnikkar panna si mot ein stein eller eit tre kan dei sprute ut sæd. Når dei skal markere seg eller finne seg ein make, så brukar dei ofte lukt. Dei rullar seg i tisset sitt og sånt, men om dei brukar sæd og får det på kroppen så luktar det enda meir.

Hjorten har ei erogen sone i panna. Foto: Pxhere

7. Monogame forhold og homofili

Det er ikkje uvanleg at det er homofile par blant dyreartar som lever saman i par lengre enn berre når dei parar seg.

– Pingvinane er dyr som lever saman i par lenge. Der er det liksom ikkje berre om å gjer å pare seg og få ungar, men det handlar óg om å vere trygge saman og beskytte kvarandre og ungane. Mange fuglar lever saman i monogame forhold, medan mange dyr ikkje gjer det. Då er det ikkje uvanleg at ein finn eitt og anna homofilt par, fordi då er ikkje paringsdelen nødvendigvis det som er det einaste viktige. Då er det jo òg viktig å passe på kvarandre, og beskytte kvarandre for fare, og å få tak i nok mat til seg sjølve og ungane.

Adeliepingvinar. Arkivfoto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskningsinstituttet

8. Dansar med slim under paring

Leopardsnigel dansar med slim under parringa. Foto: Spleines, CC BY-SA 3.0-lisens

Når leopardsnigelen skal finna seg ein make, eller pare seg, så har dei ei stilig sjekke-rutine. Dei lagar mykje slim som smakar godt, og når dei skal på ein «date» så har dei ein stilig danserutine.

– Dei dansar rundt og rundt kvarandre, og så lagar dei masse slim, og dei gjer dette gjerne på ei grein i eit tre. Så, når dei har laga nok slim, berre tippar dei utfor greina, med hovudet først nedover, og heng etter ein slimtråd, så heng dei liksom opp ned samantvinna fulle i slim.

Når dei skal pare seg, så tar dei fram kjønnsorganet sitt, som er ein lang glas-liknande ting, som kjem ut frå nakken.

Inspirert av munnlaus sommarfugl

31-åringen fekk inspirasjon til faktaboka Inn i munnen ein dag ho var på akvariet i Bergen. Det er nemleg der ho får dei beste ideane sine.

Malin Hellebø i Den Lille Dyrehage med ein lemur på skuldra. Foto: Privat

– Der var det ein sommarfugl som heiter Atlas Spinner. Når den er larve, så et han masse, og så går han inn i puppa si og blir til ein sommarfugl, Og når han kjem ut igjen som ein sommarfugl så har han ikkje ein munn. Og det er så veldig spesielt, så det var nok der ideen kom frå.

Er det noko spesielt som har gjort at du er så interessert i dyr? Eller har du alltid vore det?

– Eg har nok alltid vore veldig glad i dyr, men så fekk eg jobb i programmet Dyrevenn i NRK Super. Då måtte eg jo berre bli interessert i dyr, for det var ein del av jobben. Då jobba eg mykje med dyr, og det var ganske spennande. Så det er nok mest på grunn av jobben at eg har blitt så interessert i dyr.

Du nemnte at du hadde skrive to bøker, barnebøker med fakta om dyr, har du tenkt til å skrive fleire slike faktabøker?

– Ja, eg har jo det altså. Men akkurat no jobbar eg med eit skjønnlitterært prosjekt, ein ungdomsroman. Så eg må nok jobbe med den før eg begynner på ei ny faktabok.

Joe Biden poserer med familien sitt nyaste medlem, Major, i 2018, medan Jill feira den nasjonale hundedagen med ein hyllest til Champ og Major. Foto: Twitter og Instagram