Har funne ut kvifor isbjørnpels ikkje frys til is

Trass i dei kjølige omgivnadene sine, frys aldri pelsen til isbjørnen til is. Teknologien har uante bruksområde.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Svaret på dei anti-isande eigenskapane ligg i hårfeittet i pelsen. Isbjørnpelsen har låg evne til å halde på is, omtrent som materiale belagt med spesielle kjemikaliar som fluorkarbon.

Holst er professor i nanofysikk ved Institutt for fysikk og teknolog ved Universitetet i Bergen (UiB) og har tidlegare forska på is-avvisande eigenskapar ved materiale.

Ideen til prosjektet fekk ho frå det tyske TV-programmet «Wer weiß denn sowas?» som viste at isbjørnar er usynlege for infraraude kamera.

– Eg vart så fascinert og tenkte ‘korleis er dette mogleg?’

Holst fekk låne isbjørnpels frå Polarinstituttet i Tromsø og skifellar frå skiprodusenten Åsnes. No er den banebrytande studien, publisert i det leiande tidsskriftet Science Advances og det er sendt inn patent på ein ny type skivoks.

Inuittane har forresten hatt kjennskap til dei unike eigenskapane til isbjørnpelsen lenge før moderne vitskap. Dei bruker isbjørnpels både under støvlane og jaktkrakken sin, så dei ikkje skal fryse fast i isen.