Denne sauen kosta 4,3 millionar kroner

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv avisa Nationen som viser til ein artikkel frå den britiske avisa The Guardian.

Det var tre avlarar som spleisa på sauen med namnet «Double Diamond». Ein av dei, Jeff Aiken, fortel til den britiske avisa at dei hadde hatt eit auge på sauen i fleire veker.

Sauerasen Texel, som stammar frå den vesle øya Texel utanfor Nederland, er blant anna kjent for karakteristisk utsjånad.

Aiken og samarbeidspartnarane skal dele på sauen og bruke han til avl av dyre sauer. Overfor The Guardian understrekar han at å betale så mykje for ein sau er unormalt.