Til no er det samla inn nesten 1.500 underskrifter mot at den såkalla gradsforskrifta blir endra slik at andre studiestader enn universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø kan tilby master i rettsvitskap.
I dag har desse tre universiteta monopol på å utdanne juristar i Noreg.
Opprop mot nye utdanningar
No planlegg Universitetet i Stavanger (UiS), Nord universitet og Universitetet i Agder (UiA) eigne jussutdanningar på masternivå, skriv Khrono. Det har fått noverande jusstudentar til å reagere.
No har vel 1.450 personar signerte på eit opprop som vart lansert 27. mars:
«At en spesialisert mastergrad skal likestilles med og gi de samme rettighetene som dagens master i rettsvitenskap, er svært kritikkverdig», heiter det i oppropet.
Fryktar for mange juristar
Jusstudent Jennifer Brunkow ved Universitetet i Bergen seier til Khrono at det er på tide at studentane blir høyrde i denne saka.
– Sidan endringa faktisk ikkje er vedteke enno, har vi framleis sjansen til å komme med innspel.
Ho seier ho er bekymra for at skal utdannast for mange juristar, og at dette er dårleg ressursbruk. Ho fryktar òg mangel på kvalifiserte fagfolk.
– Eg meiner at kvantitet, framfor kvalitet sjeldan er ei god løysing. Det bør heller fokuserast på vidareutvikling av dagens studietilbod, i tillegg til tilpassing av studietilbodet, med omsyn til samfunnsutviklinga og behov, seier ho.
UiS og UiA har i dag jussutdanningar på bachelornivå, i tillegg til at UiS tilbyr master i forretningsjuss.
