Kunnskapsdepartementet gjer ikkje endringar i opptaksreglane til høgare utdanning til hausten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsdepartementet har sett på ulike modellar for opptaket i haust til høgare utdanning. Men etter å ha vurdert konsekvensane av alle forslaga og analysar av opptaket frå i fjor, har departementet landa på at det beste er å ikkje gjere endringar, seier Asheim.

– Dette er ikkje ei avgjerd vi har teke lett på. Vi har snudd alle steinar og prøvd å finne andre løysingar som både treffar godt og er rettferdige, seier statsråden.

Greidd ut moglegheiter

Elevane som går ut av vidaregåande i år, har gått halve skuleløpet sitt under koronakrisa.

Skriftleg og munnleg eksamen for avgangselevar på vidaregåande skule vart avlyste i fjor som følgje av koronapandemien. I år er skriftleg eksamen avlyst.

Kunnskapsdepartementet bad i februar Unit, som er direktoratet som har ansvaret for å gjennomføre opptaket, om å greie ut moglegheiter for endringar som tok høgd for den ekstraordinære situasjonen.

– Umogleg

Dei har mellom anna sett på forslag om at eksamenskarakter ikkje skal telje for nokon, at kvoten burde bli delt opp i tre, eller om kulla skal konkurrere mot ulike poenggrenser. Alle modellane ville hatt uheldige konsekvensar for enkelte grupper, ifølgje Asheim.

– Det har vist seg umogleg å finne ein heilt ny modell som gjer det rettferdig for alle. Det som er så vanskeleg med dette, er at vi ikkje veit korleis karaktersnittet til elevane vil sjå ut til sommaren, seier Asheim.

Årsakene som blir oppgitt for ikkje å gjere endringar no, er mellom anna at ein må gjere vurderingar som kan slå heilt feil ut, når det gjeld karaktersnitt eller talet på søkjarar frå ulike kull. Karaktersnittet kan like gjerne gå ned, ikkje opp til sommaren, trass i avlyste eksamenar, seier Asheim.

Ap: Ikkje godt nok

Ap-politikar Torstein Tvedt Solberg, Foto: Stortinget

Aps Torstein Tvedt Solberg er ikkje fornøgd med konklusjonen til Asheim og Kunnskapsdepartementet.

– Det er rett og slett ikkje godt nok frå regjeringa. Ingen har sagt det kom til å bli lett, men ein burde gitt det eit betre forsøk og jobba fram ein meir rettferdig modell, seier Solberg, som er den utdanningspolitiske talspersonen til partiet.

– Dette er utruleg skuffande og ein knallhard beskjed å få til alle dei ungdommane som no blir ramma av eit urettferdig opptak og ikkje kjem inn på studiet dei ønskjer, seier stortingsrepresentanten.

SV er òg skuffa over avgjerda til regjeringa, men foreslår konkret å auke talet på studieplassar med 3.000 for å bøte på skaden.

– I fjor vart talet på studieplassar auka på enkelte studiar, og dette må vi gjere i år òg. Dette er bra i ei tid der fleire står utanfor arbeid og utdanning, men også for å bøte på den urettferda som enkelte avgangskull møter, seier SVs utdanningspolitiske talsperson Mona Fagerås.


SV-politikar Solveig Skaugvoll Foss (24) er vara på Stortinget og jobbar på Aktivitetsskulen (AKS), men har ikkje god nok mattekarakter til å kome inn på lærarutdanninga. Foto: Privat