Høie: Studentar treng ikkje å reise tilbake til studiestaden veka etter påske
Helseminister Bent Høie (H) seier at all undervisning på universitet og høgskular som kan gjennomførast digital, skal gjennomførast digitalt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det som kan gå føre seg digitalt, det skal gå føre seg digitalt, sa Høie på pressekonferansen om nye nasjonale tiltak tysdag kveld.
– Det betyr jo òg at mange studentar ikkje treng å reise tilbake igjen til studiestaden viss dei har reist heim i påska, den første veka, fordi dei i stor grad kan følgje undervisninga digitalt, sa Høie.
På spørsmål frå studentavisa Journalen om det vil vere mogleg med fysisk undervisning framover, svarte Høie at det berre er dei som er nøydde til å vere fysisk til stades på studiestader for å ha framdrift i studiane sine, som har moglegheit til det i tida framover.
Lesesalar og bibliotek kan vere opne om smittesituasjonen tilseier det, men det skal ikkje vere større forelesingar.
Dei nye tiltaka tek til å gjelde natt til torsdag 25. mars, og regjeringa vil ta ei ny vurdering 12. april.
Lurer du på kva dei nye nasjonale tiltaka? Her får du oversikta!