Fleire lærarstudentar fullfører raskare

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Kunnskapsdepartementet

Av lærarstudentane som byrja i 2016, fullførte 62,9 prosent studiet på normert tid. Det er ein auke på 7,1 prosentpoeng frå 2015-kullet.

– Det ser ut til at fleire lærarstudentar no fullfører utan forseinkingar. Det er veldig gode nyheiter for norsk skule som raskare kan få tilgang på ferdigutdanna lærarar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Firarkravet

I 2016 vart karakterkravet i matematikk for å komme inn på lærarutdanningane auka frå 3 til 4. Karakterkravet for norsk er 3.

– Mange har teke til orde for å skrote det skjerpa karakterkravet i matte, med grunngivinga at det ikkje tek omsyn til kva fag lærarane skal undervise i og at det kan føre til lærarmangel. Eg er likevel ikkje i tvil om at firarkravet er rett veg å gå. No ser vi at kravet har ein positiv effekt på gjennomføringa, seier Asheim.

Stortingsrepresentant frå Nordland, Mona Lill Fagerås (SV). Foto: Stortinget

Færre lærarar

Lærarstatistikken er likevel ikkje berre lystig lesing for regjeringa. I år kjem det ut 1.612 færre grunnskulelærarar enn normalt, noko Utdanningsforbundet kallar ei varsla krise. SV har vore svært kritisk.

– Regjeringa og Høgres symbolpolitikk både når det gjeld firarkravet i matematikk for å komme inn på lærarutdanninga og avskiltinga av mange tusen norske lærarar har gjort problemet større og større for kvar dag med den borgarlege regjeringa, sa Mona Fagerås for tre veker sidan.

 


Fredrik Georg Svang Jansen er lærar i ungdomsskulen. Foto: Pixabay.com/Privat. Kollasj: Framtida.no