Dette er dei nye nasjonale tiltaka

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På pressekonferansen tysdag la regjeringa fram nye nasjonale tiltak. Desse vil tre i kraft frå midnatt, natt til 25. mars og skal gjelde inntil vidare.

Dei nye tiltaka gjeld i tillegg til dei strenge regionale og lokale tiltaka.

Dette er dei nye nasjonale tiltaka:

Nye tilrådingar:

Dette er tilrådingar, så desse bør du følgje.

Sosial kontakt:

  • Éin-meteren vert til to-meteren. Dei som du til no har halde minst éin meters avstand til, må du no halde minst to meters avstand til.
  • Regjeringa tilrår maks to gjester på besøk. (Dette bør helst vere personar du har kontakt med over tid.)
  • Om du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur åleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av éin til to faste venner.
  • Du bør avgrense sosiale kontater mest mogeleg.

Munnbind:

  • Regjeringa tilrår bruk av munnbind på alle stadar der ein ikkje kan halde to meters avstand.

Handling:

  • Regjeringa tilrår folk å berre nytte seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen.

Reiser:

  • Regjeringa tilrår at alle reiser som ikkje er nødvendige vert utsette med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er mogeleg med heimekontor.
    • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer.
    • Reiser til hytta saman med eigen husstand.

Undervisning:

  • Det skal vere digital undervisning i universitet, høgskular og fagskular frå og med 25. mars.

pressekonferansen sa helseminister Bent Høie at berre er dei som er nøydde til å vere fysisk til stades på studiestaden for å ha framdrift i studia vil ha mogelegheit til det framover.

Helseministeren påpeika difor at studentar som skal ha digital undervisning ikkje treng reise attende til studiestaden den første veka, dersom dei har reist heim til påske.


Nye reglar:

Dette er reglar, så desse du følgje.

Alkohol:

  • Det vert forbode med skjenking av alkohol over heile landet.

Idrett og trening:

  • Det vert forbode med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • Treningssenter skal halde stengt, men kan halde desse tilboda opne:
    • Tilbod til dei som er busette i kommunen.
    • Rehabilitering og opptrening som vert tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    • Individuell trening og behandling som ein kan bestille time til.
  • Symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og liknande skal halde stengt, men følgjande tilbod kan vere opent:
    • Skulesymjing, organisert symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
    • Rehabilitering og opptrening som vert tilbydd individuelt i mindre grupper med arrangør.
    • Anna individuell behandling som ein kan bestille time til, kor bad er ein del av behandlinga.

Arbeid:

  • Arbeidsgjevar skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk mogeleg.

Reiser:

  • Personar som kjem attende til Noreg etter unødvendige reiser må vere på karantenehotell i heile karantenetida. (Dette trer i kraft midnatt, natt til måndag 29. mars)

Underhaldning og arragement:

  • Trivselsparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod vert stengde.
  • Regjeringa tilrår at alle planlagde arrangement vert avlyste. Om ikkje arrangement kan verte utsette, så gjeld desse reglane:
    • Innandørs er det tillate med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar.
    • Innandørs er det tillate med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyrer idrettslag i same kommune.
    • Utandørs er det tillate med berre 50 personar på arrangement.
    • Det vert tillate med 50 personar i gravferder og bisetjingar når faste, tilviste plassar vert nytta.

Ei ny vurdering skal gjerast innan 12. april.


Har du spørsmål om munnbind? Her får du svar på alt – frå korleis du brukar det, til kor ofte du må skifte og tips for korleis du hindrar brilledogg.