Elevorganisasjonen sin nye leiar hadde ofra Roma-tur om fråværsgrensa vart fjerna

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har kjempa mot fråværsgrensa sidan eg var med å arrangere elevstreiken i Oslo i 2016, og det hadde vore eit av dei viktigaste stega mot verdas beste skule om ho vart fjerna i morgon, fortel Edvard Botterli Udnæs på e-post til Framtida.no.

Dersom han hadde vakna opp til si draumenyheit i morgon hadde overskrifta difor vore: «Fråværsgrensa vert fjerna», sjølv om han heller ikkje hadde takka nei til ei overskrift som fortalde at det omsider er lov å reise igjen.

– Men eg trur faktisk eg hadde ofra ein Roma-tur for at fråværsgrensa vert sparka ut av norsk skule.

Fråværsgrensa og eksamen på skraphaugen

På Elevtinget førre veke vart 19-åringen frå Oslo vald til ny leiar i Elevorganisasjonen, og 1. juli tek han over vervet etter Kristin Schultz.

Edvard Botterli Udnæs har vore engasjert i organisasjonen heilt sidan 2015, då han var 13 år gammal, og har vore både leiar i lokallaget i Oslo og medlem i sentralstyret.

Som så mange andre i organisasjons-Noreg har også Elevorganisasjonen slite det siste året, medan koronapandemien pågår. Det har vore eit hardt år, ifølgje Udnæs.

– Eg skulle til dømes helst ha vore på eit fysisk Elevting heile førre veke, i staden for éin dag på Zoom.

Eg hadde ofra ein Roma-tur for at fråværsgrensa vert sparka ut av norsk skule

Men pandemien har også gjort det tydeleg for Edvard Botterli Udnæs kvifor han engasjerer seg:

– EO-hjartet mitt har brunne endå sterkare for kvar elev som har mista kontakta med skulehelsetenesta, for kvart faglege hol, og for kvart elevråd som har slite med å påverke skuleleiinga, fordi kvardagen er så uføreseieleg, forklarar han.

Sjølv om det vart ei digital løysing i år, har Elevtinget vedteke det Udnæs skildrar som ei «utruleg god og viktig politisk prioritering» som handlar om tryggleik i skulen.

– Vi vil løfte debatten til å handle om meir enn fridom frå vald og mobbing, som òg er utruleg viktig, men at å vere trygg på skulen også handlar om at systema i skulen skal spele på lag med deg, forklarar han.

Elevorganisasjonen vil difor arbeide for å fjerne fråværsgrensa, styrke skulehelsetenesta og for å forby videoovervaking og narkotia-razziar.

– Vidare jobbar vi òg med å innføre ein gjennomføringsrett i vidaregåande opplæring og med å endeleg få kasta eksamen på skraphaugen til historia.

Kom for gratis pizza, vart verande for elevmedverknad

Edvard Botterli Udnæs fortel at han kjem frå ein veldig engasjert familie, så han kan ikkje spore sitt eige engasjement tilbake til ein aha-augeblikk.

Han hugsar likevel veldig godt saka som gjorde at han stilte til elevrådet i 8. klasse: Skuleleiinga hadde bestemt at alle elevane skulle ha same valfag.

– Dette frustrerte meg, for eg hadde gleda meg utruleg mykje til å ha litt meir kontroll over min eigen skulekvardag, og eg følte meg makteslaus, fortel Udnæs, og påpeikar at timane uansett vart brukte til ekstra mattetimar.

Eg trur eg skuldar pappa ein cola for tidenes frampeik

Frustrasjonen stamma delvis frå at han sjølv elska å drive med skodespel, og hadde difor lyst til å ta valfaget sal og scene. Samstundes trur Udnæs at det var eit underbevisst engasjement som dreiv han som 13-åring, og som gjorde at han nesten ropte «valtala» si framfor klassa.

– Eg trur eg fekk demonstrert veldig tydeleg kor lite makt vi hadde over kvardagen vår, og kor lett det var å ta ho frå oss.

Vegen derfrå og inn i Elevorganisasjonen var kort, om enn litt tilfeldig. Nokre veker etter elevrådsvalet snubla Edvard Botterli Udnæs innom eit av lokallaget i Oslo sine arrangement, fordi han ville ha fri frå skulen.

Då han kom heim og fortalde far sin kvifor han hadde fråvær, hadde faren sagt: «Der trur eg du kjem til å engasjere deg,» noko Udnæs sjølv nekta for. «Pfft, eg var der berre for gratis pizza,» svara han.

– Eg trur eg skuldar pappa ein cola for tidenes frampeik, påpeiker 19-åringen i dag og legg til:

– Eg hadde nettopp, sjølv om eg ikkje var klar over det, funne staden kor eg skulle gje medelevane mine meir å seie om sin eigen kvardag.

Idealskulen

– Det eg brenn mest for er at skulen skal vere ein stad elevar vert møtte med tillit, respekt og omsorg, fortel Udnæs.

Difor er han sjølv også ekstra engasjert i saker som fråværsgrensa, videoovervaking og når nokon freistar å svekke elevane sine rettar i Opplæringslova.

– Det er mange elevar som ikkje passar inn i det vi har bestemt at ein elev skal vere, og dessverre så har løysinga frå dei fleste hald i skulen vore å straffe dei, halde dei utanfor skulen eller mistenkeleggjere dei, fortel han og legg til:

– Det er heilt på trynet, for ingen kjem til å gjere det betre på skulen av å møte system som ikkje stolar på deg, trur du er kriminell eller ikkje let deg varsle om mobbing frå læraren din fordi du kan «finne på så mykje».

Idealskulen meiner han er ein stad kor alle får ei god og tilpassa opplæring, uansett kven foreldra dine er, kor skulen møter deg som eit heilt menneske og ikkje eit halvt, og kor elevmedverknad ligg i ryggmargen til alle i skulen.

Vil tenne den koronafalma gnisten

Målet til den påtroppande leiaren er å kunne samle organisasjonen – frå fylkesleiar til medelev – kring kampsakene og tenne gnisten som har falma litt i løpet av koronapandemien.

– Det har vore litt ekstra vanskeleg å vere engasjert i Elevorganisasjonen det siste året, så då er det veldig viktig at vi kjem ut av pandemien som eit endå sterkare lag enn vi var før.

Samstundes ynskjer han at Elevorganisasjonen vert endå flinkare til å vere dei som syner fram heilskapen i skulepolitikken i eit fragmentert politisk landskap. 19-åringen peikar då på mobbeombod i Oslo, Kjerstin Owren, som eit førebilete.

Kjerstin Owren er mobbeombod i Oslo kommune, og ei Edvard Botterli Udnæs ser opp til. Foto: Oslo kommune

Den viktigaste lærdomen frå det siste året, som han også tek med seg inn i leiarvervet, er kor viktig det er å også ta vare på seg sjølv.

– Eg har tidlegare hatt ein tendens til å jobbe meg sjuk, og rett før mars i fjor gjekk eg rett i veggen med hovudet først, fortel 19-åringen.

– Å slite med den psykiske helsa si når ein ikkje kan møte folk, som i alle fall eg er veldig avhengig av, gjer det endå viktigare å lære å setje pris på og ta vare på seg sjølv.

Samstundes peikar han på at pandemien har tvinga organisasjonen til å tenkje nytt om korleis dei løyser ting frå arbeidsprogrammet, som har vorte gjort likt sidan tidenes morgon.

– Eg har også lært at av og til er det veldig viktig å tenkje nytt om vedtekne sanningar, ikkje berre i skulen, men òg i organisasjonen.

Edvard Botterli Udnæs har også nokre råd til koronaleie elevar, no når det er over eitt år sidan dei første smittevernstiltaka vart innførte og skulane vart stengde for første gong:

– Eg skal ikkje gjere som alle andre og be deg drikke meir vatn, gå tur eller ringe ein venn, for det har du nok høyrt ein million gongar. Men eg synest du bør seie frå!

Den påtroppande leiaren peikar på at skulen ikkje er unnskyldt alt berre fordi ting er rart for tida, og elevar skal ikkje bite tenna saman og tole alt. Han trur det er ekstra viktig å bruke elevrådet, seie frå til læraren om ein har problem eller å marsjere inn på rektors kontor eller Teams-rom og seie meininga si.

– Det er berre om vi elevar faktisk brukar stemma vår at situasjonen vår kan verte betre. Og så er det sjukt deilig å få ei utblåsing av og til. Skrik inn i ei pute før du møter rektor om du er ordentleg sur, då, så du ikkje klikkar heilt.

Ville bede dramatikar-farfaren på middag

Om Edvard Botterli Udnæs kunne invitert kven som helst på middag, hadde det vorte farfaren Sverre Udnæs, som han alltid har hatt lyst til å møte.

– Eg har høyrt veldig mykje om han, men eg rakk dessverre aldri å møte han, fortel 19-åringen.

Sverre Udnæs er farfaren til Edvard Botterli Udnæs. I 1998 sende NRK for første gong dokumentaren «Sverre Udnæs – dramatiker for vår tid», der virket til kunstnaren vert løfta fram. Foto: NRK

Sverre Udnæs var ein markant dramatikar og regissør på 60- og 70-talet, som var særleg kjend for å vere uhyre produktiv. Han stod bak ein drøss produksjonar for NRK sitt Fjernsynsteateret, var instruktør for ei rekkje ulike teater og regisserte to spelefilmar.

Han var berre 42 år gammal då han døydde i 1982, to tiår før Edvard Botterli Udnæs var fødd.

Akkurat kva måltid han skulle servert farfaren sin er Botterli Udnæs derimot meir usikker på:

– Eg ville nok overraska han med å servere noko dei ikkje hadde i Noreg på 80-talet.

Jonas, Twitter og TikTok

– Kva gjer du på fritida?

– Det er eit ordentleg teit svar, men når ein er i organisasjonsbobla kjem ein seg aldri heilt ut, så ein slit litt med å utvikle ein personlegdom.

Når han først har fri, likar den påtroppande leiaren å henge med vennar (RIP korona), sykle litt for fort i Oslo med musikk på øyret, late som han les kule bøker skrivne av folk for veldig lenge sidan, og drikke moro kaffi på Fuglen, favorittstaden hans i Oslo.

Ifølgje Edvard Botterli Udnæs bør alle lese Bjørneboe-romanen Jonas.

Boka han meiner alle bør lese er Jens Bjørneboe sin roman Jonas. 

– Det er veldig klisjé sidan eg jobbar med skulepolitikk, men eg synest det er ei utruleg rørande og velskriven forteljing om ein elev som møter eit skulesystem som ikkje har lyst til å spele på lag med han.

Romanen er hard kost, og det er dessverre lett å drage parallellar til korleis skulen er i dag, meiner Botterli Udnæs og legg til:

– Noko gøy med den boka er at alle trur dei er dei gode og meiningsmotstandarane er dei slemme, eller «salamandarane» i boka. Og ingen har rett.

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Som dei fleste 19-åringar er det sjølvsagt TikTok! Og som ein kvar politisk aktiv person er Twitter ein god nummer to. Der ser eg på morosame folk og prøvar å vere morosam sjølv.

Twitter er òg ein av stadane der Botterli Udnæs held seg oppdatert, samstundes som han prøvar å scrolle gjennom nettavisene kvar morgon.

– Så har eg også nokre gode vennar som, som oftast, sender meg ei nyheitssak etterfølgt av «lmao». Nyheitssaka er nesten aldri «lmao»-verdig, for ho inneber alltid at eg berre får meir arbeid den dagen.

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Katt! Sjølv om eg dessverre er megaallergisk mot begge. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? New York!

TACO ELLER PIZZA? Pizza, alltid. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER HUNGER GAMES? Harry Potter har vore mesteparten av oppveksten min, så kan ikkje seie noko anna! Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELBILLIES? Ingen kan toppe Beyoncé.

Edvard Botterli Udnæs

Frå: Grünerløkka og Nordre Aker i Oslo

Alder: 19 år

Yrke/utdanning: Påtroppande leiar av Elevorganisasjonen, uteksaminert av Oslo Katedralskole juni 2020.

Favorittfag på skulen: Historie og Filosofi! Hadde to fantastiske lærarar som gjorde meg endå meir nerd enn eg allereie var, noko eg trudde var umogeleg. Men Trine og Gunnar gjorde ein strålande jobb med det.

Ulike verv: Har sete i Elevorganisasjonen sidan 2015, kor eg mellom anna leia Elevorganisasjonen i Oslo i to år. Har ikkje hatt noko verv i andre organisasjonar.

Medlem i: Har ikkje tid til noko anna enn Elevorganisasjonen! Men det går fint, for det er verdas beste organisasjon.