Asheim håpar på studieopptakssvar innan påske
Koronakulla i vidaregåande skule har lenge levd i uvisse om kva krav som skal gjelde når dei søkjer studium. No kan dei snart få svar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi håpar på å avklare dette før påske. For alle involverte er det viktig at vi tek ei avgjerd så raskt som mogleg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) til NTB.
Kunnskapsdepartementet lovar at avgjerda vil komme seinast 15. april – altså datoen for søknadsfrist til høgare utdanning i Noreg.
- Visste du at 3 av 4 sensorar var ueinige om karakteren på norskeksamen? – Funna våre gir grunn til bekymring, seier NTNU-professor
– Følg hjarte og hovud
Elevorganisasjonen (EO), Norsk studentorganisasjon (NSO) og fleire andre har engasjert seg sterkt i spørsmålet om opptakskrav for elevar med såkalla førstegongsvitnemål, sidan både 2020-kullet og 2021-kullet i vidaregåande skule går ut utan eksamenskarakterar på grunn av koronapandemien.
Det er òg oppretta ein underskriftskampanje kalla «Ja til tredelt kvote» som ber om at førstegongskvoten blir delt i tre, slik at 2019-, 2020- og 2021-kulla kan konkurrere på like vilkår, i staden for med heilt ulike karaktergrunnlag. Kunnskapsdepartementet har hatt møte med både denne underskriftskampanjen, NSO og EO.
Asheim minner om at ingen veit kva karaktersnittet for opptak til dei ulike studia blir til hausten, uansett kva løysing ein vel.
– Så beskjeden min til alle som lurer på kva dei skal søkje på til hausten, er at dei må følgje både hjarte og hovud og søkje på dei studia dei trur dei vil trivast på, seier han.
- Les også intervjua med tre vgs-elevar frå ulike stadar med ulikt smittetrykk: Då Noreg stengde hadde Ingvild (18) akkurat starta på ny skule: – Sårt å skulle verte kjend over Teams