Studentar krev opne lesesalar: – Det einaste studentane har igjen av haldepunkt i kvardagen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rektor ved Universitetet i oslo, Svein Stølen. Foto: Morten Kanne-Hansen/Universitetet i Oslo

Måndag kveld fekk studentar ved Universitetet i Oslo varsel om at campus stengjer for studentane frå 16. mars klokka 12.00.

– Smittesituasjonen er no så alvorleg i Oslo og Viken at vi desverre må stenge lesesalar, bibliotek og bygningar, står det i ein e-post signert rektor Svein Stølen.

Via NTB oppmodar rektoren studentane om å ta i eit krafttak.

– I to semester har studentane våre vist at dei trass i sterke tiltak har klart å studere og avleggje eksamen. No går det mot lysare tider, og vi håpar de klarer dette krafttaket fram mot sommaren, seier han.

«Åpne lesesalene. Nå»

Ifølgje NTB varar stenginga foreløpig fram til 11.april, som er etter påske, men situasjonen vert vurdert fortløpande.

Lesesalane og campusane i Oslo vart stengt i frå 23. januar til 18. februar for å hindra spreiing av den britiske mutasjonen av koronaviruset.

At lesesalane stengjer på nytt har vekt sterke reaksjonar frå studentar, og i løpet av kort tid har 581 personar signert oppropet «Åpne lesesalene. Nå».

Skjermdump.

Oppropet understrekar at det ikkje er noko smitteutbrot kopla til universitet og lesesalar, og kritiserer difor avgjerda om å stenge lesesalane.

– Dette er det einaste studentane har igjen av haldepunkt i kvardagen. Me har vist oss tilliten verdig, og finn oss ikkje i ei ny verkelegheit tilbake på studenthybelen, står det i teksta.

Fryktar alvorlege konsekvensar

I eit Facebook-innlegg deler Bror F. Nissen, som er studentrepresentant frå fakultetsstyret på jussen i Oslo si uro.

Bror F. Nissen er studentrepresentant frå fakultetsstyret på jussen i Oslo. Foto: Privat

– Eg får meldingar og henvendingar frå folk som slit. No stengde dei salane. Dei slit endå meir. Ein medstudent kan gå bort, veldig snart, om me ikkje gjer noko. Det hastar, skriv han i innlegget.

Nissen, som står bak studentoppropet, kritiserer avgjerda om å stenga lesesalane for å vere dårleg forankra.

– Smittetilfella har ikkje vore på universitetet, smittetilfella kan ikkje koplast til universitetet, og tanken om at folk skal tilbake til hybelen sin no gjer meg vondt. På ekte, skriv han.

Nissen viser til at det har vore få smittetilfelle. Ifølgje NTB har berre 0,6 prosent av alle koronatestane ved Studentsamskipnaden SiO vore positive.

– Eg har støtta regjeringa i mykje, men no var det natta. Kommunen, mogleg bevisst, unnlot å stengje salane tidlegare i dag. Regjeringa brydde seg ikkje. Dette er ikkje bra nok, skriv han vidare.


Karen Mjør er leiar i Studentersamfundet i Trondhjem, som no tek grep for å hindre einsemd blant studentane i byen. Foto: Privat