Universitetet i Oslo blir stengt for studentar
Frå klokka 12 tysdag blir lesesalar, bibliotek og bygningar for studentar på Universitetet i Oslo (UiO) stengt for studentar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Dagbladet fekk studentane ein e-post om det rundt klokka 23 måndag.
– Smittesituasjonen er no så alvorleg i Oslo og Viken at vi dessverre må stengje lesesalar, bibliotek og bygningar for studentar frå klokka 12.00 tysdag 16. mars. Undervisninga blir gitt digitalt, heiter det i e-posten.
Digital undervisning
Ifølgje nettsidene til universitetet er det framleis tilrådd heimekontor. Undervisninga blir digital.
Avgjerda om å stengje kjem etter at Oslo og Viken fekk strengare tiltak måndag – alle på tiltaksnivå A.
– Vi vurderer at tiltaka òg gjeld Universitetet i Oslo, seier rektor Svein Stølen i ei melding.

Rektor ved UiO Svein Stølen meiner lesesalane må stengje på grunn av dei nye tiltaka i Oslo. Foto: Morten Kanne-Hansen/Universitetet i Oslo
Håpar å opne meir i april
– Vi er glade for at studentane har hatt tilgang til universitetet i nokre veker no, men forstår at situasjonen er så alvorleg i Oslo at vi må gjere det vi kan for å få ned smitten. Vi håpar at tiltaka vil bidra til at vi kan opne meir ut i april, held rektoren fram.
Han forstår at fleire kan bli lei seg over at bygningane stengjer.
– I to semester har studentane våre vist at dei trass i sterke tiltak har klart å studere og avleggje eksamen. No går det mot lysare tider, og vi håpar de klarer dette krafttaket fram mot sommaren, er oppmodinga frå rektoren.