Studentsamskipnadene får 10 millionar til sosiale tiltak for studentar

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 18.01.2021 11:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi legg bak oss eit år med avstand, karantene for nokre og einsemd for mange. Det har naturleg nok gjort det krevjande å vere student både fagleg og sosialt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding frå regjeringa.

Han peikar på at mange har fått på plass gode tiltak som digitale kollokviegrupper, eigne appar der studentar kan møtast og digitale fredagskvissar.

– No får studentsamskipnadene ekstra pengar til å setje i gang fleire hyggjelege, sosiale aktivitetar i trygge rammer for endå fleire, seier statsråden i pressemeldinga.

Pengane skal brukast til konkrete, sosiale aktivitetar eller til å koordinere arbeidet med å nå ut til studentane. Dette kan til dømes vere studentmentorar eller -koordinatorar, trivselsfond eller konkrete prosjekt i regi av det frivillige arbeidet blant studentar.

Kvar av studentsamskipnadene i landet inkludert ANSA (studentsamskipnaden for utanlandsstudentar) får ein grunnsum på 50.000 kroner. Resten av pengane blir fordelt etter medlemstal.


AUF-leiar Astrid Hoem. Foto: AUF