«Hei, Mia. Det starta med eit uskuldig bilete berre…»

Mia Landsem
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Hei, Mia. Det starta med eit uskuldig bilete berre. Det utvikla seg til at han pressa meg til mykje styggare og verre handlingar eg måtte utføre, filme og sende. Dette gjorde han tre gongar.»

«Hei, Mia. Eg gjorde ei TikTok-trend der eg står i trusa. Dette vart spreidd rundt til alle på skulen. Kva gjer eg no?»

«Hei, Mia. Mi 15 år gamle dotter har vorte utsett for deling av intime bilete av ein ekskjærast i klassa. Mobbinga og truslane aukar mykje. Kva gjer vi no?»

«Hei, Mia. Eg var på fest, og der låg eg med ein gut. Han filma dette og sende det til andre på nettet. Kva skal eg gjere? Livet mitt er over!»

Bagatellisering av digital vald

Teknologien har gjeve nye arenaar og former for vald mot jenter og kvinner. Digital stalking, kjønnsbasert digital vald i spel, identitetstjuvar, spreiing av nakenbilete og videoar. Utpressing og trugslar. Overgrep.

Fysisk vald kan verte flytta over til digital vald, og digital vald over til fysiske overgrep.

Ein europeisk studie viser at 38 prosent av dei spurde jentene i Noreg har opplevd digital vald i eit parforhold. Vidare at ein høgare del jenter enn gutar opplever at partnar eller ekspartnar nyttar seg av mobiltelefon eller sosiale medium for å trakassere eller truge.

Noregs lover skal gjelde like mykje på nettet, som i verkelegheita

Kvinner vert konstant utsette for slutshaming og trugslar om valdtekt på nettet. Fleire kvinnelege politikarar og influensarar torer ikkje å uttale seg på nettet av frykt for hets. Som regel begått av menn.

Ofte vert digital vald bagatellisert, og ein vert ofte bedne om å riste det av seg, og nesten ingen av sakene eg er i går igjennom rettssystemet. Det vert ikkje sett på som ei prioritering som er viktig nok.

Forfølging, trugslar og 2000 stygge meldingar i innboksen

Noregs lover skal gjelde like mykje på nettet, som i verkelegheita. Men er det i praksis slik?

Om ein opplever eit digitalt overgrep, kor er overgrepsmottaket til dei som opplever dette? Er fagpersonane der rusta nok for å ta imot slike overgrepsoffer? Kvifor er det slik at sakene vert lagde vekk, sjølv med bevis?

Sjølv har eg kjent dette hardt på kroppen. Eg vert cyberstalka, trakassert og truga kvar einaste dag.

Fleire gongar har eg politimeldt saker mot dei som har stalka meg og familien min, ringt familien min, truga meg med knivstikking, truga meg med skyting på eit arrangement for barn og unge, kome på døra mi, forfølgt meg på sommaren til stranda og prøvd å hoppe på meg og kvalpen min i vatnet, ringt meg ustoppeleg om natta, dei over 2000 stygge meldingane eg har fått i sosiale medium-innboksane mine dei siste to åra og forfølging på jobb og filming.

Fleire gongar har eg bede om valdsalarm utan å ha fått det. Ein får ofte høyre at offentlege personar må tole såpass. At vi har valt å vere offentlege.

Eg valde ikkje å verte truga. Eg valde ikkje å verte trakassert. Eg valde ikkje å verte stalka og plaga på det verste. Eg har flytta og bytt telefonnummer. Stengt fleire av mine sosiale medium.

For redde til å lite på rettsvesenet

Eg starta denne appellen med å seie «hei, Mia». Det er nemleg slik dei fleste e-postar og meldingar til meg startar når nokon treng mi hjelp eller mitt råd.

Dei kjem til meg først. Dei er redde for å gå til det som skal beskytte oss, nemleg rettsvesenet i landet vi bur i. Mykje på grunn av at dei ikkje stolar på at ei politimelding vil gå igjennom, men òg av frykt for å høyre at dei er skuld i sitt eige overgrep. Og det synest eg gjer skikkeleg vondt.

Det gjer vondt når eg får høyre at eit offer vert fortalt av dei som skal hjelpe at «det er ikkje lurt å sende nakenbilete neste gong». Det er ikkje det eit offer treng å høyre i ein krisesituasjon. Det er som å seie til eit offer på overgrepsmottaket: «kanskje du ikkje skulle ha gått heim åleine om natta». 

Ein kan seie mykje når det kjem til nakenbilete. Ja, om det bilete ikkje eksisterer frå starten av, så hadde det jo ikkje vorte spreidd. Men skal vi tenke slik om andre overgrep òg?

Det er ikkje ulovleg å sende nakenbilete av seg sjølv. Det er ulovleg å spreie andre sine bilete utan samtykke, men endå kryr kommentarfelt på Facebook med hat mot offeret. Som om ikkje offeret har det jævleg frå før, så les hen no eit kommentarfelt fullt av skuld mot offeret.

Uredde gjerningspersonar

Nakenbilete vert spreidde i opne og lukka forum. Det er faktisk så profesjonelt at nokon nettstadar og grupper er laga berre for å trakassere kvinner. Spreier du eit penisbilete på desse nettstadane så vert du bannlyst frå å bruke sida.

I nokre forum må du spreie bilete for å bevise at du er ein biletspreiar for å få tilgang eller verte lagt til av ein venn. I desse foruma er bileta delt opp i kategoriar. Her i Noreg er dei som oftast delt opp i «fylke», «etnisitet», «seksualitet» og «alder».

Det er mange som spør meg om kvifor eg orkar hjelpe offer gratis på mi eiga fritid. Men det sekundet eg såg barn oppleve overgrep, så gjorde det noko med meg. Det sekundet eg såg mapper med barneovergrep frå heimbyen min og landet mitt, så vart eg totalt knust. Så knust at eg ikkje reagerer lenger. Så knust at eg går til psykolog, ikkje minst på grunn av den digital valden eg opplever. 

Digital vald, som fysisk vald, mot kvinner og menn er kome for å bli

I Noreg er det nærast lov å plage nokon på nettet, sjølv med lover imot dette. Det gjer jo også at gjerningspersonar ikkje er særleg redde for det dei driv med. Dei får ikkje så mykje straff heller.

Eg var i ei sak som heitte «den digitale blottaren». Han har plaga fleire hundre unge jenter i årevis på Snapchat og Instagram, og blotta penisen sin og spurde om den er stor eller liten. Han er politimeld over 17 gongar, og har berre motteke førelegg. Han er også politimeld i andre land. I oktober 2019 vart han dømd til 60 dagars fengsel, 30 vart på vilkår for åtte brot. Han held endå på den dag i dag. Dag etter dag. Eg vart også kontakta av denne gjerningspersonen, og mottok penisbilete.

Som offentleg person opplever eg å motta penisbilete eller andre liknande bilete frå menn kvar einaste veke. Men ingenting slikt frå kvinner. Og eg er ikkje åleine. Mange tullar det vekk, men barneskulebarn får også desse penisbileta. Det kan vere ganske skremmande og ekkelt. Det synest i alle fall eg.

Digital vald, som fysisk vald, mot kvinner og menn er kome for å bli. Det kan verke som at kvinner, som no har fleire rettar og likestillinga er betre enn i 1850, no skal verte plaga digitalt, der ein ikkje har like mange mogelegheiter for å beskytte seg sjølv.

Må legge skulda der ho høyrer heime

Dei digitale plattformane må ta meir ansvar når det gjeld kriminelle handlingar på nett. Politiet må ha betre opplæring i korleis dei pratar med offer for digital vald. Dei treng også fleire ressursar og fagpersonar på desse temaa, slik at dei skal vere trygge å kome til.

Lovene gjeld på nett like mykje som i verkelegheita, og dette må rettssystemet gjere eit betre arbeid for å faktisk vise. Vi treng hardare straffer for digital vald, mindre bortleggingar, erstatning til offer og endå meir digital opplæring tidleg i skulen.

Lovene gjeld på nett like mykje som i verkelegheita

Lat oss heller setje søkjelys på psykisk helse, nettvett og info om lovverk, enn å bruke timesvis på å analysere gamle dikt.

Eg seier ikkje at dette skal vekk, men kan ikkje ein eller to av desse timane vert brukte til å lære å skrive ein CV, lære om å spare pengar i bank eller korleis Noregs lovverk fungerer? Om digital kompetanse? Vi må inn tidlegare.

Ikkje berre for å lære andre korleis dei skal beskytte seg sjølv, men også korleis dei skal unngå å verte kriminelle sjølv. Korleis kan vi best stoppe gjerningspersonane frå å halde fram? Dette må inn i tidleg alder.

Eg er lei av å måtte høyre at menneske har teke sitt eige liv på grunn av digital vald og overgrep. 

Eg er lei av å høyre om 15 år gamle jenter som får nakenbilete og -videoar spreidde, som vel å ta sitt eige liv.

Eg er lei av at fokuset vert retta mot kvinner sine klede, at ein går åleine om natta, at ein er for full, at ein sender eit nakenbilete til kjærasten sin og difor har del i skulda.

Det er på tide at vi og rettsvesenet legg skulda der ho høyrer heime. Det er ikkje offera som har skulda i det som har skjedd.

Skulda ligg alltid hjå gjerningspersonen. 

«Hei, Mia. Ekskjærasten min valdtok meg og filma oss ha sex. Han spreier det på fleire pornonettstadar. Han lagar falske kontoar på Instagram med mitt namn med videoane og følgjer alle vennane mine. Kan du hjelpe meg? Eg vil ikkje leve lenger.»


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!