Kjønnsbasert vald: «Vi er nøydde til å ta ansvar før det er for seint»

Bjørn Norman (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vald mot kvinner har ikkje dempa seg, vi er nøydde til å ta ansvar før det er for seint.

I Noreg vert likestilling fremja som ein av våre fremste verdiar, det er dermed trist å påpeike at vald mot kvinner i landet ikkje har sokke, men tvert om auka dei siste åra.

Mange trur vald mot kvinner er eit problem som sakte, men sikkert, løyser seg sjølv. Ei typisk oppfatning blant dagens befolkning er at samfunnet rører seg mot eit tryggare og meir progressivt samfunn, og at likestilling og vald mot kvinner sakte vert eit mindre alvorleg problem.

Dessverre er det langt frå sanninga.

Langt frå målstreken

Statistikk frå politiet sine databasar viser mellom anna ei auke i politimeldne valdtektssaker i Noreg på over 19 prosent sidan 2015.

Statistikken om vald mot kvinner vert brukt som ein indikator på oppfyllinga av likestilling og menneskerettar i eit samfunn, og i Noreg er vi langt frå målstreken. Mørketala vert estimert å vere store, og statistikk hjå politiet er berre ein liten del av den faktiske andelen kvinner som vert utsette for kjønnsbasert vald og valdtekt.

Kvinner er fem gongar meir utsette for alvorleg fysisk vald enn menn.

Det er mange som meiner at vald er noko som menn er meir utsett for, då det er nesten allmennkunnskap at menn og gutar tyr til fysisk aggresjon meir enn kvinner, særleg mot kvarandre.

I Noreg er vi langt frå målstreken

Som ein som er gut, så har eg personleg erfart at valdsbruk og slåsting er noko som pregar kulturen til gutar og menn sterkt, særleg blant ungdommar.

Mange, spesielt gutar, vil difor reagere på statistikken som tyder på at kvinner er meir utsette for vald enn menn, noko som er forståeleg. Det som er sant, er at kvinner og menn rapporterer like mange mindre alvorlege tilfeller av vald og partnervald, som kloring, dytting og det å verte slått med flat hand.

Når vi derimot ser på statistikken over alvorleg valdsbruk, så er det kvinner som leier med høg margin.

Ifølgje Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har 10 prosent av norske kvinner vore utsette for alvorleg fysisk vald i nære relasjonar, medan talet blant menn ligg på kring 2 prosent. Statistikken viser også at kvinner som regel opplever meir alvorlege tilfeller av vald og overgrep enn menn.

Ein global pandemi

Kjønnsbasert vald er eit problem i Noreg, men globalt kan det verte samanlikna med ein pandemi.

Ein av tre kvinner i verda opplever å verte utsett for valdtekt eller alvorleg fysisk skade. Av kvinnene i Noreg som har opplevd å verte valdtekne, viser 44 prosent at dei var redde for å verte alvorleg skadde eller drepne. 29 prosent opplevde å verte alvorleg skadd, og 29 prosent informerte aldri andre enn politiet om valdtekta.

I verda er vald mot kvinner generelt sett knytt til manglande likestilling og svake rettsvern for kvinner. Mange som opplever valdtekt seier som oftast ikkje frå, på grunn av frykt for å verte umyndiggjort eller trakassert. I mange land kan det å verte valdteken leie til fengselsstraff, då det i mange tilfelle vert sett på som offeret sin feil.

I gjennomsnitt har ein tiandedel av kvinnene du kjenner vorte utsette for vald og overgrep utan at du veit noko om det. 

Når skal samfunnet gjere noko med det?

Kjønnsbasert vald er eit folkehelseproblem på eit globalt nivå. Det vert utøvd ulike former for vald mot kvinner og jenter på linje med ein pandemi. Samstundes får ikkje problemet den merksemda og oppfølginga som er nødvendig for å løyse det. Dette har store konsekvensar for individ og samfunnet.

Sjølv om merksemda har auka dei siste tiåra, så har ikkje tala gått ned. Det er utilgjeveleg av oss som nasjon, om vi ikkje av prinsipp og solidartet rettar større fokus på kjønnsbasert vald.

Noreg sit no i FNs tryggingsråd, difor er vi nøydde til å handle før det er for seint!

Noreg lyt nytte posisjonen sin

Changemaker, i samarbeid med FOKUS, krev at Noreg no brukar sin posisjon i FNs tryggingsråd til å setje vald mot kvinner under krig, konflikt og humanitære kriser høgt på agendaen.

Noreg må bruke sin noverande sjanse til å legge press på statar som ikkje gjer nok for å beskytte kvinner og jenter frå vald. Dette må vi gjere før det er for seint.

Vi krev også at norske styresmakter på eit lokalt og nasjonalt nivå aktivt bidreg med å få slutt på partnarvald spesielt, og vald mot kvinner og jenter generelt. Dette kan og må vi gjere, både på eit nasjonalt og globalt nivå.

Når skal samfunnet gjere noko med det?

Styresmaktene i Noreg må også auke synleggjeringa av sårbare grupper som urbefolkning, kvinner på flukt og kvinner med nedsett funksjonsevne. Desse gruppene er ikkje berre ekstra utsette for vald, men vald er i tillegg underrapportert og vert ofte ein nedprioritert av arbeidet som vert gjort.

Situasjonen er meir alvorleg enn vi trur, og vi må skjønne at dette er i strid med menneskerettane.

Ifølgje FNs menneskerettar så har du rett til å bestemme over eigen kropp. Dessverre meiner 86 prosent av kvinner i Noreg at deira rett til seksuell sjølvbestemming ikkje vert respektert. Det er eit alvorleg brot på menneskerettane. I tillegg vert éin av tre kvinner i verda utsett for vald eller overgrep.

Det er ikkje noko anna igjen å seie enn at vald mot kvinner er eit mykje større problem enn det vi trur. Samfunnet vårt må saman gje større merksemd til kjønnsbasert vald, og Noreg må bruke sin mogelegheit i Tryggingsrådet til å fremje tiltak for å stoppe vald mot kvinner og jenter.

Noreg må også legge press på nasjonar som ikkje følgjer opp menneskerettane, og vere ein aktiv aktør i kampen mot kjønnsbasert vald.

Treng du hjelp eller nokon å snakka med? VO-linja er for deg som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar, og du kan ringa døgnet rundt på 116 006. Du kan også ta kontakt som pårørande.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Flashmob av "Un violador en tu camino - Lastesis" ved Jernbarnetorget, Oslo 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Flashmob av “Un violador en tu camino – Lastesis” ved Jernbarnetorget, Oslo 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall