Tre av fire ungdommar seier skulen ikkje lærer dei nettvett

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske ungdommar mellom 15 og 18 år har svart på ei undersøking Buypass har gjennomført i samband med arrangementet Safer Internet Day, skriv Dagsavisen.

Der går det fram at det er overvaking og bildedeling dei fryktar mest ved internett.

To timar etter at hovudpersonen Kaisa har sendt ein «nude» til kjærasten er biletet spreidd vidare. (Skjermdump frå kampanjevideoen Delbart)

Kun 1% ville gått til lærar

Heile 33 prosent av ungdommane i undersøkinga opplyste at dei allereie har vorte lurt på nett.

Berre ein av fire svarer at dei meiner skulen gir god nok opplæring i korleis dei skal bli trygge på nett, og berre 1 prosent seier dei ville gått til ein lærar for hjelp dersom dei hadde opplevd noko ubehageleg.

Ungdom seier dei stoler meir på politiet eller går til foreldra dersom noko skjer.

Kommunikasjonsdirektør i Buypass, Janne Syversen, seier undersøkinga viser at skulen ikkje gir nødvendig eller relevant opplæring i sikker bruk av internett.

Med i ny læreplan

Statssekretær Jan-Christian Kolstø (V). Foto: Venstre

Statssekretær Jan-Christian Kolstø (V) seier til avisa at skulen har eit ansvar for å lære unge nettvit og kjeldekritikk.

– I dei nye læreplanane får digitale evner ein tydelegare plass gjennom Kunnskapsløftet 2020. Dette inneber mellom anna god digital dømmekraft og informasjons- og datasikkerheit, seier Kolstø.

Han fortel at det også blir ei sterkare vektlegging av kritisk tenking og kjeldekritikk i faga.

Les også: Finland startar kampen mot falske nyhende i barneskulen

Foto: AP Photo/Jim Mone, File. Kollasj: Framtida.no