«Dagens one-size fits all-skulesystem fungerer ikkje»
Eg meiner at elevane sjølve skal få velje nivå i fleire fag, skriv Frans Brunner

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I mange klasserom finst det elevar som kjedar seg fordi undervisninga går for sakte, og elevar som mistar motivasjonen fordi dei ikkje heng med. Alle lærer i ulikt tempo, og likevel vert vi tvinga inn i det same systemet.
Dette er urettferdig og forelda. Skulen skal vere ein stad for læring, ikkje frustrasjon. Difor treng vi fritt nivåval i fleire fag!
Den same store kverna
Dagens skulesystem tvingar alle gjennom den store same kverna, uansett ferdigheitsnivå. Kva blir resultatet? Dei som lærer raskt, får ikkje ei meistringskjensle, medan dei som slit, vert hengande etter.
Dette fører til at mange mistar motivasjonen og i verste fall droppar ut av vidaregåande skule.
Statistikk frå SSB viser at om lag 1 av 11 elevar ikkje fullfører studieførebuande utdanningsprogram, noko som tilsvara 2/3 elevar per klasse. Vi ser allereie ei løysing i matematikk, der elevar kan velje mellom 1P og 1T.
Sjå føre deg ein gut ved namn Tobias. Han har alltid strevd med matte. Difor valde han 1P, eit nivå som passa ferdigheitene hans. Tobias klarte til slutt å oppleve meistring, noko han aldri hadde følt i matte før. Kvifor kan vi ikkje utvide denne moglegheita til andre fag? Kvifor ikkje tilpasse læringa for elevar når vi har moglegheita i våre hender?
Kan få meir motiverte elevar
Eg meiner at elevane sjølve skal få velje nivå i fleire fag. Denne løysinga hjelper dei elevane som anten ikkje har følgt med på grunnskulen og dermed ikkje har eit sterkt grunnlag, eller dei som har ulike føresetnader og treng eit tilpassa tilbod. På vidaregåande skule bør vi kunne velje standardnivå eller høgare nivå i fag som norsk, engelsk og matematikk, slik vi ser i IB-systemet. På ungdomsskulen må vi òg opne for meir nivådifferensiering, slik at undervisninga vert meir tilpassa den enkelte eleven. Dette vil gi meir motiverte elevar, meistringskjensle og høgare gjennomføringsgrad.
Fritt nivåval gir elevane fridom til å velje sjølve, slik at alle kan få moglegheita til å lukkast. Vi må tenkje nytt for å skape ein tilpassa skule. Lat oss gi elevane valfridom, for ein betre skule for alle.