Identitet

«Barn har ein rett til å bli beskytta – også på nett!»

– Barn og unge skal ikkje stengast ute frå dagens viktigaste ytringsrom fordi regjeringa ikkje klarer å halde plattformene dei er på ansvarlege, skriv Press.

Ask Stenseth-Kilstad (20)
1. Nestleiar i Press – Redd Barna Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Press – Redd Barna Ungdom har delt ut Gullbarbie-prisen sidan 2011. I 2025 skal prisen igjen delast ut, denne gongen til dei aktørane som er med på å gjere internett til ein utrygg plass for barn og unge å vekse opp.

Barn har ein lovfesta, internasjonal rett til å bli beskytta og få ein trygg oppvekst. Når den digitale verda tar så stor plass i liva til barna våre, er det heilt naudsynt at denne retten blir vareteken også på internett. I dag blir ikkje barn varetekne slik dei burde på internett.

Barn som veks opp i dag har ein veldig annleis oppvekst enn då min generasjon vaks opp på tidleg 2000-talet. Kvardagen deira er prega av digitalisering både i heimen og på fritida, men òg på skulen.

Gaming eller pengespel?

Vi veit at den fritidsaktiviteten som tar opp mest tid hos barn og unge er gaming, og at gaming og spel er ein viktig del av kvardagen til majoriteten av norske barn i dag.

Vi veit òg at gaming blir meir og meir lik tradisjonelt pengespel, og at stadig fleire spel innfører pengespel-element i tenestene sine. Dette er ekstremt farleg for barn og unge, og for deira forhold både til pengar, internett og gaming, som eigentleg kan vere positivt for dei.

I det siste har det vore ein omfattande offentleg debatt når det gjeld aldersgrense på nett.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun omtalte til dømes sosiale medium som «lovlause tilstandar».

quote-left

Regjeringa legg prioriteringane sine på feil stad for å vinne stemmer til neste års stortingsval

quote-right

Vi i Press har uttala oss fleire gongar i denne debatten, og meiner at regjeringa legg prioriteringane sine på feil stad for å vinne stemmer til neste års stortingsval, men òg at dei tek den billigaste løysinga på eit mykje meir omfattande problem.

Barn og unge skal ikkje stengast ute frå dagens viktigaste ytringsrom fordi regjeringa ikkje klarer å halde plattformene dei er på ansvarlege.

Det finst urovekkjande mykje skadeleg innhald på internett. Meta, som eig store plattformer som Facebook og Instagram, er i botn og grunn ein kommersiell aktør som ønskjer å tene pengar på brukarane sine, dette inkluderer alle barn og unge som bruker plattformene deira.

Deira mål, å tene pengar, er ikkje i samsvar med barn sin rett til vern frå innhald som ikkje er eigna for dei. Porno, vald, åtferdsbasert reklame, er berre nokre døme på skadeleg innhald barn og unge opplever på plattformene dei er på.

Her kan ein tenke at ei effektiv løysing er å innføre aldersverifisering på sosiale medium, så kvifor er vi i Press så imot det?

Vi meiner rett og slett at det er aktørane som har ansvaret. Gullbarbie går til dei som er best på å få ungdom til å føle seg verst, og i år er temaet «Best på å vere verst på nett».

Ved å setje aktørane til ansvar, kan vi gjere verda til ein betre stad for barn og unge, eitt steg av gongen.

Fram til 6. november kan alle barn og unge nominere dei dei meiner er best på å få dei til å føle seg verst på nett.