Politikk og samfunn

«Det er på høg tid å ta debatten om norsk EU-medlemskap»

Karsten Gjesdal Bech (16)
Leiar i Aker Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

EØS er ikkje lenger nok. Det er på høg tid å ta debatten om norsk EU-medlemskap på alvor, og at det snart blir halde ei ny folkerøysting.

Europadagen

I dag, 9. mai, blir Europadagen feira – ein dag som markerer eit samarbeid som er viktigare enn på lenge, og som Noreg bør vere ein del av.

Noreg er i dag medlem av EØS. Det tener oss på mange måtar godt, men det er ikkje ei perfekt løysing.

Ein stor del av lovverket vårt stammar frå vedtak fatta i EU. I EU-parlamentet har ikkje Noreg noka påverknadskraft. Det svekkjer sjølvråderetten vår. Det er på høg tid å vere der avgjerdene blir tekne – ved å bli med i EU.

Stormaktsspel

I den tryggingspolitiske situasjonen vi står i no, er det viktigare enn nokon gong å stå saman med våre næraste allierte i Europa.

Vi ser ei verd der stormaktene i aukande grad forsøker å hevde seg. Nabolandet vårt, Russland, har invadert eit anna naboland.

Kina styrkjer posisjonen sin som stormakt for kvar dag som går. Og vi kan kanskje ikkje lenger stole på USA i same grad som før.

Dette er ikkje i Noreg si interesse, og det er heller ikkje noko vi kan stå imot åleine. Difor er det på tide å ta del i dei europeiske avgjerdsprosessane som påverkar oss kvar einaste dag.

Rungande ja

EU har dei siste åra utvikla seg frå å vere ein rein økonomisk handelsallianse til å bli ein meir integrert union, med samarbeid på dei aller fleste område: Frå vaksinesamarbeid under pandemien til klimapolitikk og tryggleik.

Dette er ikkje noko Noreg bør vere tilskodar til, men noko vi må delta i. Viss vi ikkje er med, risikerer vi å bli hengande etter i utviklinga.

Sjølvsagt må eit norsk EU-medlemskap avgjerast gjennom ei folkerøysting. Frå meg er det eit klart og rungande ja!