Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eili Harboe debuterer som forfattar med boka Tre meter med kniv. Harboe er òg kjend som skodespelar, mellom anna frå filmane Thelma og Askeladden – I Dovregubbens hall.

Hovudpersonen i Tre meter med kniv er Lykke. Ho bur i Stavanger saman med mor, far og fostersystera Lena, drar på festar med bestevenane Ceyda og Annika, og så er ho forelska, veldig forelska i Simeon. Simeon er symjar og går i B-klassen. Ein dag spring heile trinnet orientering i Sørmarka. Lykke lèt som om ho har gått seg vill. Ho ser Simeon stå åleine.

Det er starten på ei kjærleikshistorie.

Store tema og kvardagsleg

Harboe vev dei store temaa saman med det kvardagslege. Boka tek opp tema som seksualitet, rus, religion, psykisk helse og ikkje minst kjærleik, men gir òg plass til å dvele ved kvardagslege problem som når ein har altfor mykje lekser eller nedkjemping av brunsniglar.

Tre meter med kniv er godt skrive. Språket er lett å lese, og det er lett å følgje med på kva som hender. Når eg les er det ikkje vanskeleg å førestille seg det som skjer, det er som ein film eller eit teaterstykke i sitt eige hovud, kanskje ein vlog på YouTube.

«Show, don’t tell» er eit vanleg skriveråd, det meistrar utan tvil Harboe.

Meld deg på nyhendebrevet vårt! Få siste boknytt rett i innboksen!

Briljante illustrasjonar

Boka er illustrert av Tiril Haug Johne. Illustrasjonane er utført med fargeblyant på papir. Teikningane har eit uttrykk som minner om barneteikningar, men komposisjonane og fargevala er briljante, det vitnar om at illustrasjonane er laga av ein svært dyktig illustratør.

Av og til kan det vere vanskeleg å tyde teikningane, men det fungerer fint, ein kan bruke lang tid til å sjå på kvar teikning. Eg synest at teksten og illustrasjonane fungerer godt saman, men også kvar for seg.

Tre meter med kniv er ei bok som er verd å lese, den passar spesielt godt for ungdommar. Boka er både underhaldande og tankevekkjande. Kva meir kan ein krevje?

Les intervju: Eili Harboe (25) bytta hovudmål: – Det kjennest meir naturleg for meg. Meir personleg på eit vis

Skodespelar Eili Harboe (til høgre) fekk for alvor augo opp for Jon Fosse då ho spelte teaterspira Tale i filmen «Kyss meg for faen i helvete». Foto: Motlys

Fakta

Tittel: Tre meter med kniv

Forfattar: Eili Harboe

Illustratør: Tiril Haug Johne

Forlag: Samlaget, 2020