Bokaktuelle Eili Harboe (25) vil skriva om ung seksualitet utan å moralisere

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.11.2020 18:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ville stille mange spørsmål, men det handlar ikkje nødvendigvis om å finne så mange svar. Ein kan lære at det ikkje alltid finst ei klar løysing, seier Eili Harboe på telefon til Framtida.no.

Skodespelaren frå Stavanger debuterte nyleg som ungdomsbokforfattar med romanen Tre meter med kniv. Boka handlar om Lykke, som går i niande klasse på Ullandhaug ungdomsskule i Stavanger og er stormande forelska i Simeon i B-klassen.

Lykke har ei venninne ho ikkje lenger er særleg nær, ei venninne ho er veldig nær, ei venninne som ikkje får dusje med klassen, ei mor med ein diagnose som finn på rare påfunn, ei fostersyster som alltid må vere med og eit hovud fullt av tankar som svirrar mykje rundt symjaren Simeon.

Her kan du høyra Harboe lesa eit utdrag frå boka:

Lykke har lyst på Simeon, men ho er ikkje heilt sikker på korleis. Ho prøver til dømes å leggje seg i stillingar som får han til å tenkje:

«Sjå på den kroppen, kor heldig eg er. Så mykje lyst eg har.»

Sjølv er ho ikkje heilt sikker på om ho likar at dei tek seg god tid, eller om ho berre vil ha det overstått.

Ung lyst, utan moralisering

For Harboe har skildringane av nærheit og intimitet vore viktige, nettopp for å anerkjenna kor viktig den delen av livet er for ungdommar.

– Når det kjem til seksualitet og intimitet finst det så mange nyansar og det er lett for at det finst ei form for moral. Eg har jo sjølv opplevd det då eg var 14-15 år, at dei bøkene eg las vart litt moralens vaktar og eg skulle lære noko, seier Harboe, og utdjupar:

– Det handla til dømes om grensesetting, som sjølvsagt er viktig, men elles var det mykje skam knytt opp til lyst og kropp.

Harboe har bite seg merke i gjentekne medieoppslag om dårleg seksualundervisning og trur det er viktig å snakka om nærheit og intimitet utan at det skal handla om formeiring.

– Det er mykje fokus på prestasjon i ulike settingar, også i samband med seksualitet, og det er noko av det eg ønskte å sette fokus på. I tillegg har du dette forholdet til venninna, som er veldig nært, men ikkje definert på nokon måte, forklarar forfattaren.

Illustratør Tiril Hauge Johne sine naivistiske teikningar dukkar opp med ujamne mellomrom i romanen. Illustrasjonar: Tiril Hauge Johne/Samlaget

Frå avisinnlegg til nynorsk bokprosjekt

Bokprosjektet starta etter at Harboe i 2017 vart invitert til å skriva eit innlegg i Aftenposten Si;D sin julekalender. Teksta om hjartesorg resulterte i at ho vart kontakta av ikkje mindre enn to forlag.

Eitt av dei var Samlaget, som Harboe har hatt ein draum om å gje ut bok på etter at ho for fire år sidan tok eit aktivt val og skifta hovudmål til nynorsk.

– Eg likar godt å lese litteratur på nynorsk, det er som om nynorsk kler det mediet betre enn bokmål. Det høyrest kanskje litt flåsete ut, men som lesar opplever eg at det gir rom for å vere ein del av den verda på ein annan måte. På bokmål føler eg ein større distanse, forklarar Harboe.

Ho tykte også at nynorsken eigna seg særleg godt til ei oppvekstskildring som er tydeleg plassert på Vestlandet.

Eili Harboe (25) bruker dagane som permittert skodespelar til å gå turar heime på Vestlandet og skrive på nye prosjekt. Foto: Privat

Vestland, Vestland

I tillegg til andre kulturelle uttrykk som musikk, filmar og litteratur har Harboe vorte inspirert av eigen oppvekst og miljøet der.

– Eg er jo fødd og oppvaksen på Vestlandet og det var viktig at det fann stad der. Naturen er sterkt til stades som ein karakter, og anten Lykke vil det eller ikkje, så endar ho opp med å søkje mot naturen, forklarar Harboe.

Den ferske forfattaren og skodespelaren er i desse dagar heime på Vestlandet då ho er permittert frå jobben sin på Det Norske Teatret. Ho brukar no tida til å gå turar, skrive på nye prosjekt og det er heller ikkje fritt for at det vert litt mimring.

– Saknar du nokre gongar å vere tenåring?

– Ja, såklart! Eg saknar det absolutt, men eg føler meg veldig nøgd med der eg er no òg, forsikrar Harboe.

Eili Harboe hugsar godt korleis det var å vere tenåring. På biletet til høgre er Eili 13 år. Foto: Jonathan Vivaas Kise/privat

Livsviktig periode

Skodespelaren er gravid i åttande månad og difor på veg over i ein litt annan livsfase, men har ikkje problem med å hugse kor altoppslukande det var å vere tenåring.

Særleg no når ho er heime i Stavanger dukkar det stadig opp minner av samtalar og personar ho ikkje har sett på årevis.

– Det er eit bobletilvære og sjølv om ein kan ha tankar om framtida, handlar det om relasjonar og fellesskapet der og då, samt utanforskap. Eg får nokre drypp av det når eg jobbar kreativt. Det er intensivt å jobba på prosjekt og når det er slutt er det veldig brutalt, forklarar ho.

Harboe tenkjer på kor stor del av dagen ein tilbringer på skulen, kor avhengig ein er av dei som er der og det som skjer, samt kor definerande det er – på godt og vondt.

– Eg trur ikkje heilt eg forstod kor mykje det vil vere med å følgje ein resten av livet. Det er akkurat som ei lita verd på ungdomsskulen, avsluttar 25-åringen.

Skodespelar Eili Harboe (til høgre) fekk for alvor augo opp for Jon Fosse då ho spelte teaterspira Tale i filmen «Kyss meg for faen i helvete». Foto: Motlys