Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eili Harboe: – Thelma er det mest utfordrande eg har gjort

Historia om den unge, kristne rogalendingen som flyttar til Oslo for å studere har blitt ein filmsuksess. Thelma har på kort tid nådd tredjeplassen på kinotoppen, og konkurrer no om å bli nominert i kategorien «beste utanlandske film» under neste Oscar-utdeling.

Allereie under utforminga av manuset hadde regissør Joachim Trier og manusforfattar Eskil Vogt Eili Harboe i tankane som Thelma.

– Eg vart veldig glad av å høyre det. Thelma har vore eit fantastisk prosjekt å vere med på, seier hovudrolleinnehavaren sjølv.

– Ho undertrykkjer kjensler

Harboe kjem frå Stavanger og gjekk på drama ved byens kulturskule som sjuåring. I ein alder av 16 gjekk ho på audition til Kompani Orheim, ein dramafilm basert på boka med same namn skrive av Tore Renberg.

– Fyrste dag på sett visste eg at dette var noko eg ønskte å gjere vidare. Det var ei kjempefin erfaring, fortel Harboe.

Året etter, i 2013, fekk Harboe si første hovudrolle i filmen Kyss meg for faen i helvete. Her spelte ho ein forelska ungdom, men også ein person som ikkje ulikt henne sjølv var interessert i teateret. Thelma er ein ganske annleis film, som ber preg av både mystikk, kristen tru og overnaturlege hendingar.

Thelma er definitivt det mest utfordrande prosjektet eg har vore ein del av, både fysisk og emosjonelt. Då eg las manuset før eg fekk rolla, tenkte eg at dette var noko av det beste eg hadde lese. Som karakter er Thelma sårbar, men eg føler ikkje at ho er eit offer for omstenda. Ho undertrykkjer mange kjensler og veldig ulik frå meg på den måten.

Eili Harboe speler mot Kaya Wilkins i Thelma.

Thelma (Eili Harboe) må kjempa mot kjenslene sine for Anja (Kaya Wilkins). Motlys/Filmweb.

Kristenkonservativ bakgrunn

Thelma er ei konservativ kristen jente, og då ho flyttar til Oslo møter ho mange menneske som rokkar ved verdiane hennar. Ho utvikler kjensler for Anja (spelt av Kaya Wilkins), men forsøker å undertrykkje desse. I stressande situasjonar byrjar Thelma å skjelve og får noko som liknar på epileptiske anfall.

– Det er klart at det speler ei rolle at Thelma kjem frå eit konservativt kristent miljø i møte med kvinna ho elskar. Eg trur Thelma kjenner på ei skam og ei uvisse som heng saman med dei undertrykte kjenslene ho har. Filmen viser korleis religion blir utøvd som del av eit maktspel. Dette handlar også om ein kompleks og vanskeleg kjærleik foreldra kjenner på. Dei er openbart redde for kva som skal skje om kreftene Thelma har, kjem tilbake.

– Kanskje er det fri vilje og styrke som er raud tråd? Thelma må innsjå at kreftene hennar er styrke, og ikkje noko sjukeleg?

– Ja, det er ei god tolkning. Det er noko av det eg likar med denne historia – det finst fleire oppfatningar.

Eili Harboe byrja i dramagruppe som sjuåring, og gjekk på audition til Kompani Orheim då ho var 16. Foto: Privat.

Utfordrande film å lage

Harboe skildrar prosessen med å lage filmen som utfordrande, særleg med tanke på den harde treninga innan skjelveterapi, symjing og dykking. Mange av scenene går føre seg under vatn. For å gå inn i karakteren har Harboe forsøkt å forstå kva som vil vere Thelma sine reaksjonar på omstenda.

– Eg gjorde mi eiga tolking av Thelma som karakter. Skodespelarar jobbar veldig ulikt, men eg nyttar aldri meg sjølv eller personlege erfaringar når eg går inn i ei rolle. Eg bruker historia og prøver i staden å forstå kva som vil vere hennar naturlege reaksjon, seier Harboe, og legg til:

– Det har sjølvsagt vore spesielt utfordrande med det overnaturlege elementet i filmen, som eg ikkje har noko grunnlag for å forstå.

Thelma opplever noko som liknar epileptiske anfall, og må til sjukehuset for sjekk. Men Thelma har ikkje epilepsi. Motlys/Filmweb.

– Vi hadde mange fine samtalar

Anfalla, som i filmen blir forklart som PNES (psykogene ikkje-epileptiske anfall), var noko Harboe aldri hadde høyrt om før. For å uttrykkje desse måtte ho gå i skjelveterapi for å få anfalla til å sjå realistiske ut. Undervegs fekk Harboe god hjelp av regissøren.

– Korleis var det å jobbe med Joachim Trier?

– Eg har alltid hatt eit ønske om å få jobbe med Joachim. Eg er stor fan av filmane hans og synest han har eit godt auge for komplekse kjensler og menneskelege relasjonar. Vi hadde mange fine samtalar om rolla og om historia, i tillegg til prøver og fysisk førebuing. Joachim har ei unik evne til å lytte. Han har eit klart ønskje om kva han vil og er tydeleg på tilbakemeldingar, men er òg open for forslag frå meg som skodespelar, seier Harboe, som for tida er på filmlansering i New York.

– Eg kjenner meg veldig heldig som har fått jobbe med så varierte og spennande prosjekt, avsluttar den unge skodespelaren.