Noregs Mållag ønskjer ekstrapoeng for nynorskelevar ved studieopptak
Nynorskelevar bør få tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning, meiner Noregs Mållag. Statsråd Henrik Asheim lovar grundig gjennomgang av dagens ordning.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det bør lønne seg å velje nynorsk. Derfor bør forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) gi vidaregåande skuleelevar med nynorsk som hovudmål ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning, skriv mållagsleiar Peder Lofnes Hauge i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende.
For tida blir det jobba med eit forslag til ny universitets- og høgskulelov. I samband med dette blir dagens ordning med tilleggspoeng vurdert.
– Det kjem stadig forslag om nye tilleggspoeng, men det er ingen som har sett seg ned og sett på summen av alt dette. Derfor kastar vi no alt opp i lufta og tek ein grundig gjennomgang, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim til NRK.
- Les også om målrørsla sine reaksjonar på språklova: – Frykteleg skuffande
Lite imponerte
Bokmålsforbundet er lite imponert over forslaget til Noregs Mållag.
– Dette er ikkje noko nytt, men kjende tonar. Nynorsk går tilbake trass i nynorskvennlege lover og 80 millionar kroner i året i direkte støtte, seier formann Steinar Øksengård.
I dag blir det gitt tilleggspoeng for fullført folkehøgskule, militær- eller sivilteneste og studiepoeng frå fagskule og høgare utdanning. Det blir òg gitt ekstrapoeng for alder, realfag og språk, og dessutan i visse tilfelle for kjønn og opptaksprøver.