Målrørsla er ikkje imponert over språklova: – Frykteleg skuffande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom

– Vi har sett år etter år at mållova ikkje blir følgd. Vi er redde for at det same blir tilfellet med den nye språklova. Det er eit plaster på såret at at fleirtalet i komiteen ønsker å evaluere lova og at ein då må vurdere sanksjonar.

Det seier leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, i ei pressemelding.

Mistar klageretten

I fjor la regjeringa fram sitt forslag til ny språklov, noko målrørsla meinte det ikkje var grunn til å feire.

I dag la familie- og kulturkomiteen på Stortinget fram si innstilling til språklova. Og heller ikkje denne gongen er målrørsla nøgd.

Skjold er spesielt skuffa over at fleirtalet i komiteen vil fjerne klageretten til språkorganisasjonar, og byte denne ut med ein rett til å påpeike feil.

– Dei siste åra har vi hjelpt meir enn 200 studentar å klage på manglande nynorskoppgåver. Å klage på lovbrot kan vere byråkratisk og vanskeleg, spesielt for eksamensstressa ungdom. No håpar vi at det blir tatt like alvorleg når vi berre kan påpeike feil, seier Skjold.

Leiar i Noregs mållag, Peder Lofnes Hauge. Foto: Privat

Skuffa mållagsleiar

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner regjeringspartia Venstre og KrF har gjort knefall for regjeringspartnar Høgre.

– Det er frykteleg skuffande. Vi hadde forventa ei språklov som verkeleg var offensiv på vegner av nynorsken, seier han i ei pressemelding.

Mållagsleiaren meiner føremålsparagrafen er historisk bra og peikar på at den lovfestar det offentlege sitt særlege ansvar for å fremje og sikre nynorsk som det minst brukte språket.

– Diverre står ikkje resten av paragrafane i stil med lova sitt eige føremål, meiner Lofnes Hauge.

Fjernar absolutt språkkrav

I forslaget sitt til ny språklov føreslo regjeringa å redusera kravet til statstilsette om å kunne bokmål og nynorsk frå ei tenesteplikt til eit mogleg krav. I den nye innstillinga kan staten krevja at tilsette med opplæring i sidemål skal meistra begge målformer, men det er ikkje eit absolutt krav.

Mållagsleiaren reagerer på at regjeringspartia har svekt kravet om nynorskkompetanse for tilsette i staten.

– Det er alvorleg og vil svekkje nynorsken i offentleg forvalting. Dessutan er det eit brot på regjeringa si eiga politiske plattform.

Mållagsleiaren er også skuffa over at språknøytrale fylkeskommunar ikkje får ei klar talfesting av korleis dei skal veksle mellom bokmål og nynorsk og at klageretten blir innsnevra.

Treng offensive leiarar

Mållaget og Målungdommen får støtte av direktør for Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark.  

Direktør i Nynrosk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

– Prinsippa i lova er gode, men dei blir ikkje følgde opp i dei paragrafane som regulerer den daglege bruken av nynorsk i staten og fylkeskommunane, seier Sandsmark i ei pressemelding.

– Utan svært offensive leiarar og tilsette i offentleg sektor kan lova føre til mindre nynorskbruk i offentleg sektor. Det er urovekkjande.

Han meiner likevel språklova inneber ein solid siger for språkmangfaldet i Noreg, både nynorsk og bokmål, men òg dei samiske språka, kvensk, romani, romanes og teiknspråk.

Vil ha sanksjonar

Både Målungdommen, Mållaget og Nynorsk kultursentrum er einige i at det er positivt at fleirtalet vil evaluera lova og er opne for å vurdera sanksjonar seinare.

– Vi meiner at lova må ha sanksjonar. Det er ikkje urimeleg å vente at staten følgjer sitt eige lovverk, avsluttar mållagsleiar Peder Lofnes Hauge.


Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, reagerer på erfaringane til jusstudent Solveig Brunvoll. Foto: Moment Studio/Språkrådet, Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 3.0. Kollasj: Framtida.no